Marine Harvest vil ha skipstunnel
TUNNEL: Marine Harvest meiner at Stadt skipstunnel vil ha store positive ringvirkningar for norsk sjømatnæring.
Nytt

Marine Harvest vil ha skipstunnel

Meiner tunnelen er viktig for å nå vekstmåla for norsk sjømatnæring.

25.10.2018
Havila Kystruten seier ja, Hurtigruten seier nei.
No seier Marine Harvest, verdas største oppdrettsselskap, eit klart ja til Stad skipstunnel.
- Stad skipstunnel er viktig for oss for å sikre logistikken mellom våre anlegg og fabrikken på Eggesbønes, seier regiondirektør Asgeir Hasund i Marine Harvest.
Hasund er regiondirektør i Region Midt, som går frå Nordhordaland til og med Nord-Trøndelag.

Fremmar veksten

På Eggesbønes på nordsida av Stadlandet ligg eitt av verdas største mottaksanlegg for laks, og Marine Harvest har planar om å byggje fabrikken vidare ut.
Asgeir Hasund viser til at Norge har som mål å vekse kraftig innanfor sjømat, og han meiner at bygging av tunnelen er viktig for å fremme denne veksten.
- Vi er avhengige av gode og sikre transportløysingar for å ta unna denne veksten. Difor støttar vi Stad skipstunnel, seier Hasund.
Han opplyser at årleg har Marine Harvest 300-400 rundingar av Stad med ulike fartøy.
- I snitt vert 15-25 av desse påverka av vêrtilhøva.

Kritisk med levande laks

Han seier at mest kritisk er frakt med levande laks.
- Dette utgjer rundt 150 lastar per år, og vi må alltid vere ekstra på vakt når det er dårlege vêrmeldingar.
- Stad er ei utfordring for både servicefartøy, behandlingsfartøy og ikkje minst slep av utstyr til næringa som må gå over det utsette havområdet.

- Framtidsretta prosjekt

Hasund viser også til at tunnelen også vil gi betre forhold for transport av smolt og reinsefisk.
- Stadhavet er utfordrande, og tunnelen gir betre sikkerheit også for mannskapet på båtane.
Han håper tunnelen vert bygt.
- Vi meiner at dette er eit framtidsretta prosjekt som vil gi store positive ringvirkningar - ikkje minst for norsk sjømatnæring.
Vi meiner at dette er eit framtidsretta prosjekt som vil gi store positive ringvirkningar

Publisert: 25.10.2018 05:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27