- Ja, det er eit enormt potensiale for norsk laks i Tyrkia, seier direktør Bülent Isik ved Marine Harvest sitt Istanbul-kontor.
Han burde vite kva han snakkar om, for han var den første som prøvde seg med oppdrett av laks i Tyrkia for 25 år sidan.
- Det gjekk ikkje. Sjøtemperaturen vart for høg om sommaren. Laksen vart stressa, slutta å ete og vart til slutt sjuk. Prosjektet måtte avsluttast.
I staden for å satse på tyrkisk laks i Tyrkia, såg han seg mot Norge og norsk laks. Etter kvart inngjekk Bülent eit langvarig samarbeid med Lerøy Seafood, som var den første norske aktøren som satsa på norsk laks i Tyrkia.
- For det første er Marine Harvest verdas største lakseselskap. I tillegg likar eg forretningsmodellen til Marine Harvest i Tyrkia med direktesal til marknaden, seier han.
Nesten kvar dag køyrer ein frysetrailar ut frå Marine Harvest sitt lakseslakteri på Eggesbønes i Herøy og køyrer dei fire døgna til Tyrkia.
- Vi har på kort tid fått rundt halvparten av laksemarknaden i Tyrkia, seier Bülent.
Utfordringa er at den tyrkiske laksemarknaden hittil har vore liten. I 2013 var den samla eksporten på rundt 5000 tonn laks, og tyrkarane er tradisjonelt ikkje eit fiskeetande folk, der norsk laks kjem langt ned på lista over prioriterte fiskeslag.
Til samanlikning et kvar nordmann rundt 38 kilo fisk årleg.
Bülent er sikker på at dagens lave tyrkiske tal ikkje vil vare lenge.
- For det første er det behov for lakseprotein, innbyggjarane vert også meir helsebevisste, og spesielt ungdomen og den veksande middelklassa har fått augene opp for fisk.
- Kvart gram auka fiskekonsum i Tyrkia utgjer 81 tonn. Med så mykje folk tel kvart gram, seier Bülent.
Han seier også at prisen etter kvart kan konkurrere med annan mat og ikkje minst med raudt kjøt.
- Raudt kjøt kostar no vanlegvis meir enn laks, medan kylling framleis er svært billeg i Tyrkia.
- Her vert nesten all fisk steikt på ein eller annan måte.
For å lære opp kundane til å lage laksemåltid i ulike variantar, har Marine Harvest fått laga eit oppskriftshefte.
- Dette trengst, seier Salduz, som sjølv likar å trekke laksen i omnen saman med ein spesiallaga saus og godt med kvitløk til.
- Dette har slått godt an også hos veninnene mine, seier ho.
Men Bülent seier at Marine Harvest har ambisiøse planar vidare.
- Vi planlegg å starte ein fabrikk for vidareforedling av laksen.
- Vi er nabo til land som Syria og Irak. Her vil det etter kvart også verte etterspørsel etter norsk laks. Berre vent og sjå, seier han.
Marine Harvest har inntil vidare etablert seg med åtte tilsette i Tyrkia, fordelt på tre selgarar, ein kontrollør, tre tilsette i lagerbygget og Bülent som toppsjef.
- Neste år planlegg vi å doble både staben og omsetninga, seier han.
- Tyrkia er i endring, også når det gjeld matkonsum. Vi ser ein aukande fokus på mathelse og matkvalitet, der norsk laks bør ha alle mulegheiter til å hevde seg.
Spesielt i middelklassen og hos unge jenter er det no eit stort fokus på sunne matvanar.
Storehaug ser også resultat av at Lerøy Seafood har fått konkurranse av Marine Harvest.
- Dette har skapt ein heilt ny dynamikk, der interessa for norsk laks aukar, og der vi også har sett at prisane har gått litt ned.
Han burde vite kva han snakkar om, for han var den første som prøvde seg med oppdrett av laks i Tyrkia for 25 år sidan.
- Det gjekk ikkje. Sjøtemperaturen vart for høg om sommaren. Laksen vart stressa, slutta å ete og vart til slutt sjuk. Prosjektet måtte avsluttast.
I staden for å satse på tyrkisk laks i Tyrkia, såg han seg mot Norge og norsk laks. Etter kvart inngjekk Bülent eit langvarig samarbeid med Lerøy Seafood, som var den første norske aktøren som satsa på norsk laks i Tyrkia.
Ein trailer i døgnet
Men han hoppa av frå Lerøy, og er no frontfigur i Marine Harvest si Tyrkia-satsing.- For det første er Marine Harvest verdas største lakseselskap. I tillegg likar eg forretningsmodellen til Marine Harvest i Tyrkia med direktesal til marknaden, seier han.
Nesten kvar dag køyrer ein frysetrailar ut frå Marine Harvest sitt lakseslakteri på Eggesbønes i Herøy og køyrer dei fire døgna til Tyrkia.
- Vi har på kort tid fått rundt halvparten av laksemarknaden i Tyrkia, seier Bülent.
Utfordringa er at den tyrkiske laksemarknaden hittil har vore liten. I 2013 var den samla eksporten på rundt 5000 tonn laks, og tyrkarane er tradisjonelt ikkje eit fiskeetande folk, der norsk laks kjem langt ned på lista over prioriterte fiskeslag.
Ungdom og middelklase
Dei siste tala frå det tyrkiske statistikkinstituttet viser at det totale tyrkiske fiskekonsumet var på 6,3 kilo per innbyggar i 2013. Det er det same som i 2011, men 0,7 kilo lavare enn i 2012.Til samanlikning et kvar nordmann rundt 38 kilo fisk årleg.
Bülent er sikker på at dagens lave tyrkiske tal ikkje vil vare lenge.
- For det første er det behov for lakseprotein, innbyggjarane vert også meir helsebevisste, og spesielt ungdomen og den veksande middelklassa har fått augene opp for fisk.
Kvart gram er viktig
Han viser til at kvart gram auka laksesal er viktig for eit land med 81 millionar innbyggjarar (81,6 millionar, i følgje CIA World Fact Book i november 2014).- Kvart gram auka fiskekonsum i Tyrkia utgjer 81 tonn. Med så mykje folk tel kvart gram, seier Bülent.
Han seier også at prisen etter kvart kan konkurrere med annan mat og ikkje minst med raudt kjøt.
- Raudt kjøt kostar no vanlegvis meir enn laks, medan kylling framleis er svært billeg i Tyrkia.
Få kan å lage laksemiddag
Marine Harvest-selgar Dilek Salduz seier at ei anna utfordring er at svært få tyrkarar faktisk kan å tilberede laks.- Her vert nesten all fisk steikt på ein eller annan måte.
For å lære opp kundane til å lage laksemåltid i ulike variantar, har Marine Harvest fått laga eit oppskriftshefte.
- Dette trengst, seier Salduz, som sjølv likar å trekke laksen i omnen saman med ein spesiallaga saus og godt med kvitløk til.
- Dette har slått godt an også hos veninnene mine, seier ho.
Vil vidarforedle laks
Mesteparten av den norske laksen er levert til dei store kjedene i dei store byane, i tillegg til hotellkjeder.Men Bülent seier at Marine Harvest har ambisiøse planar vidare.
- Vi planlegg å starte ein fabrikk for vidareforedling av laksen.
Ser mot Syria og Irak
I tillegg meiner han at Tyrkia er eit glimrande utgangspunkt for å eksportere laks til andre land i området.- Vi er nabo til land som Syria og Irak. Her vil det etter kvart også verte etterspørsel etter norsk laks. Berre vent og sjå, seier han.
Marine Harvest har inntil vidare etablert seg med åtte tilsette i Tyrkia, fordelt på tre selgarar, ein kontrollør, tre tilsette i lagerbygget og Bülent som toppsjef.
- Neste år planlegg vi å doble både staben og omsetninga, seier han.
Heilt ny dynamikk
Direktør Kristianne Storehaug i Innovasjon Norge i Tyrkia er samd i at potensialet for norsk laks er stort i Tyrkia.- Tyrkia er i endring, også når det gjeld matkonsum. Vi ser ein aukande fokus på mathelse og matkvalitet, der norsk laks bør ha alle mulegheiter til å hevde seg.
Spesielt i middelklassen og hos unge jenter er det no eit stort fokus på sunne matvanar.
Storehaug ser også resultat av at Lerøy Seafood har fått konkurranse av Marine Harvest.
- Dette har skapt ein heilt ny dynamikk, der interessa for norsk laks aukar, og der vi også har sett at prisane har gått litt ned.
Kvart gram auka fiskekonsum i Tyrkia utgjer 81 tonn. Med så mykje folk tel kvart gram
Publisert: 01.12.2014 06:08
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:39






