Marine Harvest satsar paa nybygg
SNART PÅ PLASS: Styreleiar Ole-Eirik Lerøy har snart klart på plass ein leiar for reiarlaget oppdrettselskapet skal byggje opp. Skal konkurrere med brønnbåtreiarlaga.
Nytt

Marine Harvest satsar på nybygg

Marine Harvest vil byggje nytt og ikkje kjøpe brukt til sitt nye brønnbåt- og serviceskip-reiarlag. Sjefen for satsinga er snart på plass.

19.02.2016
- Vi har fått fantastisk mange gode søkjarar, seier styreleiar Ole-Eirik Lerøy i oppdrettselskapet Maritime Harvest til NETT NO.
Før jul overraska selskapet brønnbåtbransjen med meldinga om at det vil etablere sitt eige reiarlag.

Interessa for å leie oppbygginga av reiarlaget har vore stor, og tilsetjinga er like om hjørnet i følgje Lerøy.
I går, torsdag 18. februar, var han på investorkonferansen Børs og Bacalao i Ålesund. Nordvestlandet er eitt av dei områda der Marine Harvest gjer det aller best, og også det talet på aksjonærar er høgast i høve til folketalet, i følgje Lerøy.

Konkurrere

Marine Harvest har tradisjon for å byggje heilt frå grunnen når det er snakk om nye satsingar. Det skjedde då selskapet etablerte eigen fôrproduksjon i Bjugn, og det skjer når selskapet skal byggje ein fôrfabrikk til, i Skottland.
Det same skjer høgst sannsynleg også når selskapet etablerer eige reiarlag. Reiarlaget blir etablert frå grunnen, og båtane blir nybygg, i følgje Lerøy.
Det er godt nytt for skipsverfta, men gjer at eksisterande brønnbåtreiarlag får ein ny konkurrent og ikkje kan satse på å bli kjøpt opp.

44 farty

I dag har Marine Harvest 44 servicefarty innleigde på verdsbasis. Det er snakk om fôrbåtar og andre typer serviceskip, men først og fremst brønnbåtar. Stigande kostnadar og omfanget er i seg sjølv ein grunn til at oppdrettsgiganten satsar på eige reiarlag.
- Vi ser at brønnbåtar er ein viktigare og meir og meir integrert del av operasjonane våre, seier Lerøy.
Brønnbåtar blir mellom anna brukt til avlusing av oppdrettslaksen, og det er noko av grunnen til den auka etterspørselen.
Han fryktar ikkje at Marine Harvest skal gjere ein feil ved å satse på nybygg, og meiner det er behov for fleire brønnbåtar framover.

Åtvara mot overkontrahering

Deler av bransjen er ikkje like trygg på at etterspørselen etter nye båtar.
-Vi ser at verda rundt oss syns brønnbåt er spennande no. Men det skal ikkje meir til enn ei løsning på lusesituasjonen før vi får ein situasjon som våre vener i offshorebransjen har, sa viseadministrerende direktør Glenn Bradley i brønnbåtreiarlaget Rostein på Harøya til NETT NO i oktober i fjor.

Nordvestlandet er basen for fleire brønnbåtreiarlag, og i eit år der offshorreiarlaga hadde bremsene på gav brønnbåtbygging verftsindustrien kjærkomen oppdrag i 2015.

Tek tid

Lerøy vil ikkje seie noko om når Marine Harvest vil tinge sin første brønnbåt, og heller ikkje kor stort reiarlaget skal blir. Uansett vil det ta tid å bygge opp, og det er ikkje gitt at alt skal samlast på eigne hender.
Marine Harvest sitt eige reiarlag må klare å konkurrere med tilboda frå frittståande reiarlag for å ha livets rett, og med dei store områda som oppdrettsnæringa er spreidd over er det ikkje gitt at det er praktisk å basere seg på å drive alt i eigen regi heller, i følgje Lerøy.

Kuttar marginar

Sjømatanalytikar Kolbjørn Giskeødegård i Nordea Markets sa til NETT NO i desember i fjor at opninga av Marine Harvest sin fiskefôrfabrikk i Bjugn har ført til lågare marginar hos dei etablerte fiskefôrselskapa.
Nå Marine Harvest etablere eit eige reiarlag for å eige og drive servicefarty, som brønnbåtar, fôrbåtar andre servicefarty kan marginane kome under press hos dei etablerte reiarlaga i bransjen, slik Giskeødegård ser det.

Publisert: 19.02.2016 10:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:53