Marine Harvest kuttar skift
KUTTAR: Redusert etterspørsel av laksefilet gjer at Marine Harvest kuttar filetproduksjonen på Eggesbønes.
Nytt

Marine Harvest kuttar skift

Marine Harvest reduserer filetproduksjonen og går over frå to til eitt skift ved lakseslakteriet på Eggesnønes  i Fosnavåg.

Administrator
26.01.2017
Ifølgje kommunikasjonsjef Eivind Nævdal-Bolstad er kuttet i filetproduksjonen ein konsekvens av at etterspørselen av filet er betydeleg redusert.
- Tidlegare har vi delar av året køyrd med to skift for produksjon av filet, men det er det ikkje grunnlag for lenger, seier Nævdal-Bolstad.
Reduksjonen av filetkapasiteten er difor eit nødvendig trekk for å oppretthalde ei forsvarleg og kostnadseffektiv drift på anlegget.

Færre innleigde

Omorganiseringa som no blir gjennomført får ifølgje Nævdal-Bolstad ikkje konsekvensar for den faste arbeidsstokken ved verdas største lakseslakteri.
- Til produksjon av filet på to skift har vi i stor grad nytta oss av innleigd personell frå bemanningsbyrå, forklarar han.
Talet på tilsette ved Marine Harvest Eggesbønes blir dermed liggande på i overkant av 200 personar.

Får andre oppgåver

Sidan støttefunksjonane på fabrikken har vore tilpassa toskiftsordninga, blir seks personar råka av omorganiseringa til eitt skift. Til desse er det funne andre arbeidsoppgåver i fabrikken, bortsett frå ein person som er i oppseiing.
Nævdal-Bolstad seier det har vore god dialog med fagforeininga og dei tilsette rundt omorganiseringa som no skjer.
- På Eggesbønes har det dei siste åra vore investert store summar, og fabrikken er ein del av vår langsiktige strategi, understrekar han.

Kortvarig permittering

Biologiske utfordringar, og behov for å slakte ut nokre merder med liten fisk, har gjort det nødvendig med permitteringar ved lakseslakteriet ein kortare periode i januar.
- Permitteringane har ingen samanheng medomorganisering og kapasitetstilpassing, og vi ser ingen vidare behov for permitteringar i tida framover, seier Nævdal-Bolstad.
Vi ser ingen vidare behov for permitteringar i tida framover

Publisert: 26.01.2017 11:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:05