Mar Baldvinsson ut av Rem styret
STYREVAL: Omrokkerinngar i Rem Offshore-styret. Åge Remøy (t.v.) vert ny styreleiar, dagens styreleiar Peter Ditlef Knudsen vert styremedlem og Thorsteinn Mar Baldvinsson (t.h.) går ut.
Nytt

Mar Baldvinsson ut av Rem-styret

Rem Offshore-styret vert redusert frå fem til tre representantar. Thorsteinn Mar Balvinsson går ut.

27.04.2016
Den islandske Samherji-direktøren har vore styremedlem i Fosnavåg-baserte Rem Offshore i store deler av perioden frå 2007, også etter at han selde seg ut av selskapet i november 2013.
Under generalforsamlinga i 2015, ville Olympic-direktør Stig Remøy kaste Mar Baldvinsson ut av styret, og setje inn sin eigen representant. Stig Remøy eig undt ti prosent av aksjane i selskapet.

Ville støtte hovudaksjonæren

Striden enda med at styret vart utvida frå fire til fem, ved at Rem Offshore-direktør Åge Remøy fekk gjennomslag for at sin eigen son Fredrik Remøy gjekk inn i styret.
Rem Baldvinsson sa då til NETT NO at han ville fortsette i styret for å støtte hovudaksjonær Åge Remøy.
- Eg synst det er eit interessant styre. Det er også eit hyggjeleg kollegium i styret, sa Baldvinsson då.

Les her:


Frå fire til fem til tre

Men no 18. mai at den Akureyri-baserte fiskebåtreiaren og investoren går ut av styret. Det same gjeld Fredrik Remøy og søstera Maria Remøy Aurvåg.
Forslaget går dermed ut på å redusere styret til tre representantar.
- Vi var fire, vi vart fem i fjor, og no foreslår vi at vi skal ned til tre, seier avtroppande Rem Offshore-direktør og hovudaksjonær Åge Remøy.
Han vil sjølv gå inn som styreleiar etter at tidlegare finansdirektør Arild Myrvoll .

- Ikkje for å spare pengar

Kvar av styremedlemane får utbetalt 200.000 kroner i honorar, men Åge Remøy seier at det ikkje er for å spare pengar at ein foreslår å redusere styret til tre representantar.
- Nei, dette vert gjort for at styret skal vere styringsdyktig.
- Ettersom eg vert styreleiar, vert det fort eit habilitetsspørsmål i styret dersom også to av mine eigne born skal vere styremedlemar. Difor går både Fredrik og Maria ut.

Attval på Sperre og Knudsen

I tillegg til Åge Remøy som styreleiar, er det forslag at dagens styreleiar Peter Ditlef Knudsen vert styrememedlem, og at det vert attval på Inger Marie Sperre.
Asker-baserte Knudsen er til dagleg direktør for Northcape Capital, medan Inger Marie Sperre er direktør i Brødrene Sperre.
Dette vert gjort for at styret skal vere styringsdyktig

Publisert: 27.04.2016 10:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:56