Mann av huse for Furene opning
LANG KØ: Varehussjef Irene Overå fortel at dei første kundane kom kvelden i forvegen då Rusta opna sitt varehus nummer tre i Møre og Romsdal. Her er ho saman med Jimmy Gunnarsson. 
Nytt

Mann av huse for Furene-opning

Norgessjefen trur det er potensiale for fleire Rusta-varehus på Nordvestlandet. Responsen opningsdagen kan tyde på at han har rett.

Marius Rosbach
17.10.2019
Onsdag morgon opna Rusta sitt varehus nummer 34 i rekka på Furene i Volda. Då hadde dei ivrigaste venta sidan kvelden i førevegen for å sleppe inn.
– Eg talte meir enn 500 i kø litt før opning, så vi må sleppe inn folk i puljar på fem og fem personar. Sjølv med 2200 kvadratmeter har vi ikkje kapasitet til å sleppe inn fleire, seier varehussjef Irene Overå til NETT NO.
Lenge etter opning sto framleis fleire hundre i kø for å sleppe inn. Ho er no sjef for kring 30 tilsette som skal jobbe ved det siste tilskottet ved den stadig veksande handelsplassen tett ved Hovden-flyplassen.
Det var god pågang med søkarar til jobbane ved det som blir det tredje Rusta-varehuset i Møre og Romsdal. Frå før har dei avdelingar på Moa i Ålesund og Kristiansund. Næraste sørover er Bergen.

Vurderte befolkning – og trafikktal

Norgessjef Erlend Kramer stod sjølv i inngangsdøra for å ta i mot kundar og sikre seg foto frå opningsdagen. Han trur det er potensiale for fleire Rusta-varehus på Nordvestlandet, og kjenner mellom anna godt til utviklinga på Digernesskiftet.

– Vi jobbar med å treffe dei viktige knutepunkta rundt i landet, men også med å fortette i dei større byane. Her i regionen er det også fleire spennande punkter. Vi har ingen konkrete nye planar her i distriktet no, men har følarane ute heile tida, seier han til NETT NO.
I arbeidet med Furene-etableringa fekk han sine svenske kollegaer i morselskapet til å sjå vidare enn til talet på hus i nærleiken. Han trur varehuset vil treffe lokalmarknaden i Ørsta og Volda, men dei har også sett på kor mange som køyrer forbi på strekninga.
– Utanfor dei store byane ser vi at kundane våre fort er villige til å køyre ein time og at dei fyller opp varevognene på storhandel, seier han.

Furene er vekstdrivar

NETT NO skreiv tysdag om korleis dei ti siste åra. Omsetninga for butikkane her ligg no på kring 800 millionar årleg, og sjølv konkurrerande verksemder har opplevd stadig aukande besøk.
– Eg trur det er eit kjempepotensial mellom alle dei som køyrer forbi her og som no får enno ein grunn til å stanse i eit handelsområde som har mykje å by på i segmentet for heim- og fritid, seier Kramer.
Rusta med sitt svært breie vareutval hamnar innunder vanleg detaljhandel. Med butikklokale frå 2200 kvadrat og oppover, er det likevel naturleg å plassere varehusa utanfor sentrumsområde.
– Utfordringa no er å finne lokale som er store nok og som er rett regulert. Samtidig må kalkylane våre vise at anten befolkningsgrunnlaget eller trafikken er stor nok til at det er «liv laga», seier han.

Overtydd av huseigar og kommune

Kramer fortel at det var huseigarane Martin Brænne og Tor Andersen, som presenterte moglegheita for ei nyetablering.
– Vi kjøpte først engasjementet og deretter etableringa. Deira engasjement og vilje til å investere, kommunen si vilje til å dyrke næringslivet og å skape eit handelspunkt, saman med bevisstheita om kor mange menneske som ferdast i område, gjorde dette interessant, fortel Kramer.
Han reknar med at Furene-avdelinga vil plassere seg omtrent midt på treet av alle varehusa deira. Kjeda passerte i fjor ein milliard kroner i omsetning, og eit grovt anslag peiker i retning av ei omsetning på kring 30 millionar årleg.
Trass i at dei opna åtte nye varehus i fjor, gjekk kjeda også med overskott. Kramer seier dei framleis har «gassen i botn» når det gjeld nyetableringar, og at dei har eit mål om 50-60 varehus i Norge.

Les også:


Publisert: 17.10.2019 10:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:42