Manglar planar for aa rydde opp i vindparkar
SMØLA: I energilovforskrifta heiter det at naturen rundt vindkraftverka skal tilbakeførast til opphavleg tilstand, så langt det lar seg gjere. Her frå vindmølleparken på Smøla. 
Nytt

Manglar planar for å rydde opp i vindparkar

I dag er det 36 vindkraftverk med 625 turbinar i Noreg. Ingen veit kva det vil koste å fjerne kraftverka og reparere naturinngrepa når levetida er over.

12.11.2019
NPK-NTB: I energilovforskrifta heiter det at vindkraftverka skal tilbakeførast til den opphavlege tilstanden til naturen, så langt det lèt seg gjere. Det er vanleg å berekne ei levetid på 25 år for ein vindpark, og NVE gir ein konsesjon på 25–30 år frå produksjonsstart.
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) seier dei ikkje har tid til å følgje opp, sjølv om det har vore eit krav om dette sidan 2001, melder .
– Her er det armar og bein, og vi har ikkje hatt ressursar til å prioritere arbeidet. Vi vil undersøke dette når vi har kapasitet. Då vil det vere aktuelt å vurdere sanksjonar der det er nødvendig, seier seksjonssjef Arne Olsen i NVE.
Kravet til garanti og kostnadsanalyse for tilbakeføring av vindkraftanlegg til natur gir ein peikepinn på kva det vil koste å reparere eit vindkraftområde. Ein slik garanti skal òg sikre at kraftverka tar denne kostnaden.

- Oppsiktsvekkande

Juridisk rådgivar Vidar Lindefjell i organisasjonen La Naturen Leve meiner det heile er oppsiktsvekkande.
– Kravet har vore gjeldande lenge. Kva er det NVE driv med? Det er lite vits med slike krav om ein ikkje følgjer opp, seier Lindefjell til NRK.
Olsen i NVE seier ansvaret ligg på vindkraftverka.
– Det er konsesjonæren si plikt å passe på at desse vilkåra blir oppfylte. Her kan det bli konkrete sanksjonar til aktuelle selskap.
Her er det armar og bein, og vi har ikkje hatt ressursar til å prioritere arbeidet

Publisert: 12.11.2019 15:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:44