Manglar kapital for aa overta Kina bygde skip
OFFSHORE: I juni 2018 opplyste Golden Energy Offshore Services at selskapet hadde gjort avtale om kjøp av Energy Duchess og søsterskipet. No er handelen likevel ikkje i boks.
Nytt

Manglar kapital for å overta Kina-bygde skip

Golden Energy Offshore Services må hente inn 30 til 46 millionar kroner for å finansiere restsummen for kjøp av to offshoreskip.

23.04.2019
Ålesund-baserte Golden Energy Offshore vil hente inn ny kapital for å finansiere kjøpet av dei to nybygde offshoreskipa Energy Express og Energy Duchess.
Skipa er no klare for overlevering frå Nantong Rainbow Offshore & Engineering (ROC) i Kina.
Selskapet opplyste i juni i fjor at ein hadde gjort avtale om kjøp av dei to skipa.

Prisen var då sett til 17,5 millionar dollar for kvart av dei to 83 meter lange fartya, som er såkalla multipurpose plattform supply vessels. Det betyr forsyningskip som også kan utføre lett konstruksjonsarbeid.

Aksjerabatt

Men no klarer ein ikkje å fullføre kjøpet som planlagt. Difor prøver selskapet no å hente inn mellom 30,6 og 46,75 millionar kroner. Aksjekursen er sett til 3,50 kroner, opplyser selskapet i
Aksjen er lite omsett på Oslo Axess, men har i år vorte handla mellom 6,40 og 6,50 kroner aksjen, noko som prisar heile selskapet til knappe 160 millionar kroner.
Tilbodet om å teikne seg for aksjar for 3,50 kroner aksjen inneber dermed ein kraftig aksjerabtt.

- Dårleg apetitt


Hittil har selskapet betalt 1,1 millionar USD for kvar av skipa, i tillegg til å ha investert i byggjeoppfølging for å sikre kvaliteten på skipa.
Golden Energy Offshore Services opplyser at ein har gitt beskjed til ROC om at kapitalmarknaden ikkje har apetitt for å skyte inn nye store beløp i selskapet, slik at ein ikkje har kapital for å betale den avtalte kjøpssummen for skipa ved levering.
Partane har så langt ikkje inngått ny avtale om at Ålesund-selskapet faktisk får overta skipa, men selskapet opplyser at ein er i prosess med forhandlingar for å avklare vilkåra for overtaking av skipa.

Betre marknad

Golden Energy Offshore Services viser til at marknaden for supplyskip er i betring, og at selskapet bør utnytte denne mulegheita, sjølv om ein ikkje er i stand til å finansiere skipa på dei vilkåra som ein var samde med ROC om.
Spesielt har Golden Energy store forhåpningar til sommarsesongen i Nordsjøen, og håper at ein maktar å til ei løysing slik at ein får overta skipa.
Selskapet kallar no inn til ekstrordinær generalforsamling 30. april, då tilbodsperioden er ute - ein periode som startar ved børsstart onsdag 24. april.
Tilbodet går til eksisterande aksjonærar i selskapet, samt til institusjonelle og profesjonelle investorar som kan investere minimum 100.000 Euro.
Arctic Securities og Fearnley Securities er finansielle rådgivarar, medan advokatfirmaet Bahr er juridisk rådgivar.

Publisert: 23.04.2019 19:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:34