Mange vil tene paa bustadprisfall
MEIR DRAHJELP: Eit ytterlegare prisfall i bustadmarknaden vil forlenge og utvide konkurransefordelen norsk næringsliv har på grunn av svak krone, meiner sjeføkonom Harald Magnus Andreassen i Sparebank1 Markets.
Nytt

Mange vil tene på bustadprisfall

Med unntak av entreprenørar og tomteeigarar vil storparten av næringslivet i Noreg tene på eit bustadprisfall meiner Harald Magnus Andreassen.

07.12.2017
Andreassen er sjeføkonom i Sparebank1 Markets. Tidlegare har han peika på den positive verknaden oljeprisfallet hadde på storparten av næringslivet utanom oljebransjen.
Verdien på norske kroner fall med oljeprisen og styrka konkurranseevna for store deler av næringslivet, som fekk betre betalt for varene sine i utlandet, eller fekk mindre konkurranse frå importerte varer og tenester i heimemarknaden.
No trur Andreassen at kronekursen kan halde fram med å vere svak fordi aktørane i valutamarknaden tolkar bustadprisfallet som eit teikn på eit svak utvikling i norsk økonomi.

Held krona svak

Krona styrka seg tidlegare i år, men har seinare svekka seg på ny utover hausten, og ekstra mykje dei siste vekene. Det bety at norske bedrifter får behalde konkurransefordelen dei har hatt siste åra.
Kronesvekkinga siste vekene skuldast bustadprisfallet, og skulle det bli eit ytterligare bustadprisfall kan det blir ytterlegare svakare kroner - og i alle fall ikkje sterkare, etter Andreassen si vurdering.

Oljenedturen over

- Det er mange verksemder her som vil tene på dette, seier Andreassen og siktar til gjestane bak seg (sjå biletet) på Sparebank1 SNM sin julelunsj i Fosnavåg i dag.
Nedturen i oljebransjen er over, oljeinvesteringane er på veg opp og no kan også alle bedriftene i oljebransjen nyte godt av den ekstra konkurranseevna som ein lav kronekurs gir dei.
Det er mange verksemder her som vil tene på dette

Publisert: 07.12.2017 15:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16