Mange vil ha kortreist lokalmat
SJØHOLT: Janet Roelofs og Gert Rietman eig Stolt Mat på Sjøholt. -Vi er heile tida på jakt etter nye produsentar frå Møre og Romsdal, seier Roelofs.  
Nytt

Mange vil ha kortreist lokalmat

- Vi er veldig fornøgd med utviklinga, seier dagleg leiar Janet Roelofs i Stolt Mat på Sjøholt. 

Kristin Vidhammer
13.04.2018
Stolt Mat på Sjøholt er ein butikk der ein kan handle lokalproduserte matvarer frå ei rekkje lokale produsentar. Alle produkta i butikken er frå småskala produsentar frå matfylket Møre og Romsdal, som er stolte over produkta sine.
- Tanken om å etablere Stolt Mat oppstod i mars 2015 og to månader etter var vi etablert, seier dagleg leiar og gründer Janet Roelofs.
I fjor omsette dei for over 1,1 millioner kroner (sjå tabell). Ho eig butikken saman med mannen Gert Rietman.

Godt fornøgd med utviklinga

- Vi er veldig fornøgd med utviklinga. Det har gradvis gått oppover sidan etableringa i 2015, og vi merkar også at fleire brukar oss som gåvebutikk, seier ho.
Korger eller øskjer med matvarer fra Møre og Romsdal som firmagåver er noko som har blitt veldig populært.
- Vi er blant anna blitt hoffleverandør til Ørskog kommune dersom dei skal markere ein rund dag til tilsette eller politikarar, der dei får ei matkorg frå oss i staden for ein blomst. Det synes vi er kjekt.
Dei ser at stadig fleire bedrifter bruker Stolt Mat til å lage julegåver til tilsette og bedriftskontakter.
-Sist jul var det ein kraftig økning frå bedrifter mellom Vestnes, Ålesund og Haram.
Mange kunder bestiller også varer før jul eller påske.
- Då legg vi av varene slik at dei er sikra god mat når dei skal kose seg.

Eit bredt spekter av produkt frå lokalmatprodusentar

Dei har no over 300 produkt laga av over 50 lokale produsentar i fylket og der dei har utvida produktspekteret etter kvart.
- Lokalmat frå Møre og Romsdal er ei bevisst strategisk satsing og vi er heile tida på jakt etter nye produsentar frå fylket. Nokon finn vi sjølv, andre kjem via-via og lokalmatprodusentar kontakter oss også direkte.
Dei sel heile spekteret av lokalmat - som saft, sylte, ost, kjøt, fisk, sjokolade, krydderblandingar, mjølprodukt, bakervarer, honning, salt - kort sagt det meste.
- Glutenfrie varer er det også stor etterspurnad etter og vi har ein leverandør som produserer ei rekkje glutenfrie bakervarer.

Eit aktivt ektepar

Sjølv kjem dei frå Nederland. Eit produkt derifrå måtte dei berre ha - nemleg lakris.
- Den har blitt veldig populær. Dessutan har vi ei langreist oppskrift på sirupvafler frå Nederland, men som er kortreist i og med at dei er baka av eit nederlandsk ektepar på Harøya.
Både ho og mannen har mange jern i elden, slik at butikken er open tre dagar i veka - frå torsdag til laurdag.
- Eg er intensivsjukepleiar og jobbar som dette tre dagar i veka. Vi driv også selskapet Placement, som driv målretta rekruttering og tilflytting av arbeidskraft, særleg frå Nederland, Belgia og Tyskland, seier ho.

Publisert: 13.04.2018 13:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:20