Mange fryktar for jobben i oljebransjen
NEDBEMANNINGAR: Oljeprisfallet har skapt ruskever i arbeidsmarknaden for tilsette i oljebransjen. Fleire er blitt redde for å misse jobben. Biletet er frå Brage-plattformen i Nordsjøen.
Nytt

Mange fryktar for jobben i oljebransjen

Oljenedturen har skapt frykt for at fleire misser arbeidet.

27.06.2017
NPK-NTB Synet nordmenn har på sin eigen arbeidssituasjon og uvissa om dei får behalde jobben eller ikkje, har auka svakt dei siste åra. Unntaket er oljebransjen.
Krisa i oljenæringa har nemleg sørgd for at delen sysselsette som trur dei står i fare for å miste jobben, har skote til vêrs, opplyser Statistisk sentralbyrå (SSB).
I perioden 2013 til 2016 har 50.000 tilsette i oljesektoren mista jobben, og frå å vere ein bransje med stor grad av jobbsikkerheit har situasjonen blitt snudd på hovudet på desse tre åra.

30 prosent fryktar jobben ryk

I 2016 seier 30 prosent at dei er redde for å miste jobben, medan 35 prosent har opplevd nedbemanning. I 2013 var tala høvesvis 3 og 4 prosent. Her må det takast med at tala gjeld for kategorien bergverksdrift og utvinning – der oljebransjen står for nærmare 90 prosent.
Delen sysselsette totalt som opplever jobbsikkerheita si som stabil har vore relativt stabil i ei årrekke. I 2016 svarte 12 prosent at dei meiner dei står i fare for å miste jobben sin, ein auke frå 9 prosent i 2013, opplyser Statistisk sentralbyrå (SSB).
Delen som har opplevd nedbemanning i bedrifta dei siste tre åra, har auka frå 7 til 9 prosent, medan delen som seier dei jobbar i ei bedrift som har omorganisert, no ligg på 12 prosent, 2 prosentpoeng høgare enn i 2013. (©NPK)

Publisert: 27.06.2017 12:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:11