Mange feira at Rem flytta heim
FOSNAVÅG: Den tidlegare logoen er på plass, og Rem-flagget er på nytt heist, vel tre år etter at Åge Remøy sist måtta fire flagget.
Nytt

Mange feira at Rem flytta heim

Her har Åge Remøy på nytt heist Rem-flagget i Fosnavåg. Der vil selskapet vere lenge.

02.11.2019
- Eg bestemte meg då Solstad Offshore tok over at vi skulle flytte tilbake hit den dagen leigekontrakten for Solstad var ute. No var endeleg dagen kome.
Det sa Åge Remøy tre år etter at han firte Rem-flagget på nytt kunne heise flagget utanfor Rem-bygget i Fosnavåg sentrum laurdag.
- 10. oktober 2016 var ein av dei svartaste dagane i min tid som forretningsmann, men no er vi tilbake for fullt med eit nytt og sunt selskap, sa Remøy.

Solist

Mykje folk hadde møtt opp for å markere at Rem Offshore var tilbake. På plass var også Bergsøy blandakor, der Åge Remøy sjølv var solist til ‘Wild Rover’, til stor applaus frå publikum.
Remøy seier at nøkkelen for å byggje opp att eit nytt selskap var at han tidleg selde dei Solstad-aksjane han fekk etter at Rem vart overtatt av Solstad.
- Eg selde dei med ein gong. Eg tente faktisk 1,6 millionar kroner.
- Det er ikkje mange som har tent like bra på Solstad-aksjar, seier han.

Ti skip

150 millionar kroner sat han att med, pengar som han saman med islandske Thorsteinn Mar Baldvinsson og svensk-sveitsiske Magnus Roth vart brukt til å byggje opp eit nytt offshoreselskap.
No har selskapet ti skip og 18 tilsette flyttar no inn i lokala.
- Her har vi tenkt å vere lenge, sa Åge Remøy, som er styreleiar i selskapet.
Det er ikkje mange som har tent like bra på Solstad-aksjar

Publisert: 02.11.2019 14:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:43