Maersk stoppar paa seks Kleven skip
Nytt

Maersk stoppar på seks Kleven-skip

Det vert ikkje noko av dei fire opsjonane Maersk hadde på Kleven.

27.10.2015
- Dette er ingen bombe, slik marknaden for offshorefartøy er i dag.
Det seier Kleven-direktør Ståle Rasmussen.
Då Maersk Supply Service for eitt år sidan flagge storkontrakten på seks 95 meter lange ankerhandterarar hos Kleven, vart det samstundes opplyst at det danske selskapet hadde opsjonar på ytterlegare fire skip.
Danskane seier no stopp.
Dei seks fartøya skal leverast frå siste kvartal 2016 til tredje kvartal 2017. Om opsjonane hadde vorte innfridde, ville Kleven-verfta i Ulsteinvik og Gursken vore sikra arbeid fram til 2018.
No hastar det med å få signert ein ny kontrakt for Myklebust Verft, sjølv om verftet måndag flagga kontrakt på bygging av den danske fiskebåten Gitte Henning.
- Vi har eit hol i 2017. For å fylle det, må vi ha ein ny kontrakt på plass snart, seier Rasmussen.
Med kontrakten med Gitte Henning har Kleven no 16 fartøy i ordreboka til ein samla verdi på ti milliardar kroner.
Fire av desse skipa skal byggast på Myklebust. I tillegg til Gitte Henning er det ein brønnbåt til Sølvtrans og to hekktrålarar til DFFU, det tyske dotterselskapet til islandske Samherji.
Rasmussen seier at ein ved Myklebust satsar spesielt på fiskebåtar og mindre spesialfartøy.
- Konkurransen om fiskebåtkontraktane er knallhard. Etter at det vart stopp i bygginga av offshorefartøy, har mange kasta seg inn i kampen om fiskebåtane. Det gjeld både i Norge og i utlandet.
Han seier at for Kleven er det viktig å halde folket i arbeid og halde på kompetansen.
- Dette er viktig, for vi ønskjer å halde fram med å byggje båtar, og har også investert store summar i ny teknologi og for å ha best moglege og så effektive verft som mogleg.
- Likevel er det eit press på kostnader. Vi må verte endå betre i framtida. Det trur eg vi også skal klare.
Dette er ingen bombe, slik marknaden for offshorefartøy er i dag

Publisert: 27.10.2015 08:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:48