Nett.no Logo
Mega menyMega meny

BLI ABONNENT PÅ NETT NO

Hold deg oppdatert på alt som rører seg i næringslivet på Nordvestlandet!

Med abonnement hos oss får du tilgong til NETT NO på alle digitale plattformer. 

Eit månadsabonnement mot betalingskort kostar kr. 129,- 
Eit årsabonnement mot faktura kostar kr. 1.399,- 

Kontakt Magnus på tlf 95247209 / magnus@nett.no for eit godt tilbud på fleire abonnement til di bedrift. 

129,- pr. mnd.
Måløy ribba for kystnotkvotar

SELD: Med salet av Kystfisk misser Måløy den tredje og siste kystsnurparen.

Måløy ribba for kystnotkvotar

Med salet av Kystfisk står Måløy tilbake heilt utan kvoter innafor kystnotfisket. Kystfisk er den tredje Måløy-snuparen som blir seld med kvoter i løpet av eit par års tid.

Sjølv om meklaren melder at Kystfisk er seld, og at båten no blir boden fram for vidaresalg, er det ifylgje dagleg leiar Jan Edvard Lillesalt i Kystfisk As enda mykje som må på plass før alt er i orden.

KYSTNOTSATSING: Roy Are Skår har blir eigar av to kystsnurparar etter at han gjekk ut av ringnot.

- Om ein månads tid er vi kanskje i mål, seier Lillesalt, som eig båten saman med Magne Helge Kristiansen og Benkt Inge Vedvik.

Har mista motivasjonen
Lillesalt seier det var ei heilheitsvurdering basert på fleire forhold som gjorde at dei bestemte seg for å avvikle. Litt økonomisk og litt det reguleringsmessige. For Måløy sin del synest han det er trist at tre båtar forsvinn på så kort tid.

- Det må vere eitkvart som gjer at folk misser motivasjonen til å drive med fiskeri, seier han.

Dei to fyrste til Fosnavåg
Den første til å forlate Måløy var kystsnurparen Ringbas som blei kjøpt av Vestbas-reiarlaget i Fosnavåg i 2012.

Også Sildaskjær har no fått Fosnavåg i hekken etter at Herøy-selskapet Skår Junior As har kjøpt ut den siste av dei tidlegare reiarane og gitt den ti år gamle båten enda ei oppgradering. Skår-reiarlaget kjøpte seg inn med 49,9 prosent i Sildaskjær allereie for to år sidan og har gradvis utvida eigarandelen til til at den tidlegare Måløy-båten no er heileigd herøybåt.

Starta med bytehandel
Eigarane av Skår Junior  As er dei same som frå før eig snurparen Jøkul gjennom selskapet Skår Senior As. Roy Skår, som har med seg systra Janita Skår og Jan Arve Drabløs i begge selskapa, er dermed godt i gang med ei kystnotsatsing som starta med ein bytehandel med Veibust-reiarlaget i Ålesund for 2-3 år sidan.

Skår-reiarlaget sat då med ringnotbåten Skår Senior og valde å ta steget ned ei gruppe i staden for å bruke pengar på vidare ringnot-strukturering.

Dermed selde han ein ikkje ikkje fullstrukturert ringnotbåt, kjøpte ein fullstrukturert kystsnurpar i staden og hadde pengar til overs til å bruke på vidare satsing i kystnotgruppa.

- Dette valet har eg ikkje angra ein dag på, seier Roy Are Skår.

To båtar – eitt mannskap
Inntil vidare vil Skår bruke det same mannskapet som han har på Jøkul også til drifta av Sildaskjær. Til saman vil dei to båtane ikkje vere i drift i meir enn 5-6 månader i løpet av eit år.

Kva det kan bli til på sikt veit han enda ikkje, men alt etter utgangen på strukturdiskusjonen for kyst blir det anten å arbeide vidare mot to fullstrukturerte kystbåtar eller å satse på ein. 

Skår Senior har også ein fot innafor fiskeforedling gjennom ein eigarandel på 25 % i Sevrin Tranvåg As på Fiskarstranda.

Siste artikler

Taper 30-35 millioner på cruise-stopp

Ålesundregionens Havnevesen skulle sette ny cruiserekord i år, men ligger i stedet an til et inntektstap på 30-35 millioner kroner.

Vil gi lønnstilskot til bedrifter for å ta tilbake permitterte

Ved å innføre lønnstilskot ønskjer regjeringa å påskjønne bedrifter, stiftingar og frivillige organisasjonar som tek tilbake permitterte.

Betring på drifta - taper på svak krone

Ei svak norsk krone har ført til valutatap på 160 millionar kroner for Havila Shipping.

Dette vert ein nasjonalpark-kommune

Fjord kommune har fått innvilga søknaden om å bli nasjonalpark-kommune av Miljødirektoratet.

Leverte ny hybridelektrisk katamaran

Brim Explorer tok i mot båt nummer to frå Maritime Partner. 

Optimistiske tonar frå Ekornes

Set full fart på Stressless-produksjonen frå neste veke.

NETT NO
Ansvarleg redaktør: Ogne Øyehaug
Ansvarleg redaktør: Kjetil Haanes
Dagleg leiar: Eirik Staurset

Utgivar:
Bakkar og Berg Media AS
Pb. 142
6099 Fosnavåg

Kontakt:
Redaksjon: redaksjon@nett.no / Tlf: 95 77 97 27
Annonse: annonse@nett.no / Tlf: 95 24 72 09
Abonnement: abonnement@nett.no / Tlf: 95 24 72 09
Tips: tips@nett.no

NETT NO arbeider etter Ver Varsam-plakaten sine normer for god presseskikk og Tekstreklameplakaten sine normer for skilje mellom redaksjonelt stoff og reklame/sponsing. Alt innhald på NETT NO er opphavsrettsleg verna. NETT NO har ikkje ansvar for innhaldet på eksterne nettsider som det blir lenka til.