Maa jobbe fleire skift paa cruisekjempe
BETYDELEG STØRRE: Etter å ha fått bygd fleire skip av typen til venstre – har det franske reiarlaget Ponant også bestilt eit isklassa cruiseskip til ein verdi av 2,7 milliardar. Skroget til «Le Commandant Charcot» ruvar over det snart ferdige cruiseskipet ved sidan av.
Nytt

Må jobbe fleire skift på «cruisekjempe»

Grunna koronaviruset må dei tilsette delast i to skift på eitt av dei dyraste skipa Vard-konsernet har bygd. 

Marius Rosbach
04.05.2020

Førre veke blei skroget til eit nytt cruiseskip slept til kai ved Søviknes-verftet. I cruisesamanheng er ikkje skipet ein kjempe, men er eitt av dei største Vard-konsernet har bygd.

Det 150 meter lange og 28 meter breie skipet er samtidig eitt av dei dyraste med ein kontraktsverdi på 2,7 milliardar. Truleg er det berre Kjell Inge Røkke sitt Rev Ocean-skip som vil koste meir. Det kombinerte yacht og forskingsskipet som er under arbeid i Brattvåg, er også meir enn 30 meter lengre.

Les også: Røkke vil bu to månader i året på Rev Ocean

Cruiseskipet i Søvika vil få navnet «Le Commandant Charcot», og om bord blir det plass til 270 passasjerar og eit mannskap på kring 190.

Skal jobbe frå tidleg til seint
For at det ikkje skal bli for mange arbeidarar inne på verftet samtidig, skal arbeidarane i Søvika jobbe fleire skift. Klubbleiar Rune Torsvik i Fellesforbundet ved verftet fortel at det var naudsynt for å oppfylle krava til smittevern.

nettnohalf

– Vi har skreve under ein avtale som gjer at vi skal gå i to skift, fortel han til NETT NO.

Det første skiftet skal jobbe frå klokka halv sju til halv tre. Dei neste startar arbeidet klokka halv fire, og jobbar til halv tolv om kvelden.

Grense på 700 tilsette
I første omgang gjeld avtalen fram til sommarferien.

– Det var viktig for oss at det skulle vere eit opphald på ein time, for å tømme anlegget før det kom nye folk inn, legg han til.

Fleire organiserer seg: – Eg håpar at fellesskapet blir større

Då verftet jobba for fullt med eitt av dei tidlegare cruiseskipa til Ponant, var det mellom 1200 og 1300 arbeidarar innafor portane. No blir grensa sett på 700 tilsette om gongen. Mykje av arbeidstida til dei tillitsvalte går no med til å handtere koronatiltak. Mellom anna er alle som kjem frå utlandet plassert på Trohaugen ved Langsten-verftet medan dei er i karantene.

Første med isklasse
«Le Commandant Charcot» skal etter planen leverast til cruisereiarlaget Ponant utpå vårparten neste år.

Det 150 meter lange skipet blir det første av cruiseselskapet sine skip som blir isklassa. Det er også nyskapande på fleire vis ved at det får hybrid framdriftsmaskineri levert av Wärtsilä med moglegheiter for både LNG- og batteri-drift.

Det gjer det mogleg å segle to-tre timar utan utslepp, og gjer at det kan ta med passasjerar på ekspedisjonar i sårbare farvatn i Arktis og Antarktis.

Les også: Første vindkraft-kontrakt for Vard

Skriv ned Vard-aksjar og stadfestar nybygg

Femte tråleren fra Vard til Lerøy Havfisk


 Det var viktig for oss at det skulle vere eit opphald på ein time, for å tømme anlegget før det kom nye folk inn

Publisert: 04.05.2020 05:55

Sist oppdatert: 03.08.2021 11:32