Maa byggje saa stor tunnel at han kan brukast
SKIPSTUNNEL: Per Sævik er skuffa over framdrifta og over at regjeringa vurderer ein mindre Stad skipstunnel. - No må alle gode krefter stå saman, sa Sævik under reiselivskonferansen i Vanylven fredag. 
Nytt

- Må byggje så stor tunnel at han kan brukast

Per Sævik er skuffa over at samferdsleminister Jon Georg Dale no kuttar kostnader og vurderer ein mindre Stad skipstunnel.

19.10.2018
- Det er nesten slik at dersom denne tunnelen vert veldig liten, så har det lite føre seg å byggje han.
- Tunnelen må byggjast så stor at han kan brukast.
Det sa Per Sævik i Havila Kystruten under ein reiselivskonferanse på Fiskå fredag.

Opnar for mindre tunnel

På same konferansen var dagens samferdsleminister Jon Georg Dale i fjor, og slo då fast at skipstunnelen kom til å bli bygt.
No varslar derimot Dale kostnadskutt og ein mindre tunnel.

Havila Kystruten har allereie gjort det klart at deire fire skip kjem til å bruke skipstunnelen, mest fordi det vil vere ei stor oppleving for turistane.

- Sterke motkrefter

Men Sævik meiner også at det finst ei rekkje andre gode grunnar for å byggje tunnelen, og han er skuffa over at det ikkje vart sett av planleggingspengar på statsbudsjettet for neste år.
- Det er tydeleg at det er sterke motkrefter til denne tunnelen. No må alle gode krefter gå saman for å få realisert dette prosjektet, sa Sævik.
Han var sjølv sikker på at det ville liggje inne minimum 30 millionar kroner i år.
- Det er skuffande å sjå at det ikkje vert sett handling bak tidlegare positive uttalelsar og vedtak.
- No burde vi ha kome i gang med grunnkjøpa, og fått starta opp i 2021, sa Sævik.

- Internt beløp

Han syntest heller ikkje at prosjektet var så dyrt.
- Slik eg forstår det, er auka meirverdiavgift ein betydeleg del av den siste prisauken.
- Men meirverdiavgift er på mange måtar eit intern beløp i statskassa, der det kjem an på kva skuffe du opnar eller let att.
Tunnelen er planlagt å vere 1.700 meter lang, 36 meter brei og 50 meter høg, og skal vere den første skipstunnelen av denne dimensjonen i verda.
Byggjetida er estimert til 3–4 år.
Det er tydeleg at det er sterke motkrefter til denne tunnelen

Publisert: 19.10.2018 13:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27