MS Roald Amundsen rundar Stad
HURTIGRUTEN: I kveld rundar Roald Amundsen Stad for første gong, på veg frå Ulsteinvik til Florø.
Nytt

MS Roald Amundsen rundar Stad

27. juni skal ekspedisjonscruiseskipet ut på første seglas tur mellom anna til Ålesund og Geiranger. Først går turen til Florø for å dokkast.

21.05.2019
- Dette er noko som har vore planlagt i lang tid, seier Kleven-direktør Olav Nakken.
Dokkinga av det 140 meter lange skipet skjer hos Westcon Yards.
- Vi skal blant anna reparere på ein del måling under vasslinja, seier Nakken.

Datoen er klar

Dokkinga vil vare i ei veke, før skipet går tilbake til Ulsteinvik for ferdigstilling.
- Det er sett dato for når skipet skal overleverast, men den datoen er det Hurtigruten som må kommunisere, seier Nakken.
Ferdiggjeringa av prestisjeprosjektet har vorte utsett to gongar, seinast tidleg i april. Etter planen skulle jomfruturen gå frå Lisboa 17. mai, men turen vart kansellert.
Det same vart neste tur 30. mai frå Hamburg.

Til Geiranger og Ålesund

Nakken opplyste då til NETT NO at det var spesielt interiørarbeidet som tok lenger tid og var meir krevjande enn ein hadde rekna med.
Ifølgje heimesida til Hurtigruten vert no første turen ei 15 dagar lang reise tur retur Hamburg og langs norskekysten, som ein vri på Hurtigruten sine ordinære turar langs kysten.
Blant anna vert det stopp både i Ålesund og Geiranger.
Kommunikasjonssjef Rune Thomas Ege opplyser at turen er utseld.

- Fantastisk skip

Han var sjølv om bord i Roald Amundsen sist veke.
- Eit fantastisk flott skip, som vil løfte reiseopplevinga for gjestane til heilt nye nivå.
- I tillegg er det også svært flotte fascilitetar for mannskapet.
Ege opplyser at det vert jobba med detaljer rundt overlevering og dåp.
- Vi har mykje spennande på gang, men det er litt for tidleg å røpe meir om stad, gudmor og dei andre detaljane. No er hovedfokuset å få skipet ferdig og i drift.

Skip tre

Planlegginga av skip nummer tre frå Kleven held også fram.
- Vi jobbar framleis med detaljar, og vi kjem naturlegvis tilbake med meir informasjon så fort det er noko å melde, seier Ege.
Eit fantastisk flott skip, som vil løfte reiseopplevinga for gjestane til heilt nye nivå

Publisert: 21.05.2019 15:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35