MS Roald Amundsen kryssa Nordvestpassasjen
NORDVESTPASSASJEN: Polarhelten Roald Amundsen brukte tre år på sin kryssing av Nordvestpassasjen. Ekspedisjonsskipet MS Roald Amundsen brukte tre veker. 
Nytt

MS Roald Amundsen kryssa Nordvestpassasjen

Det Kleven-bygde ekspedisjonsskipet er det første hybriddrivne skipet som har kryssa Nordvestpassasjen.

11.09.2019
Då MS Roald Amundsen kom til Nome i Alaska natt til onsdag norsk tid, kunne kaptein Kai Albrigtsen og resten av mannskapet loggføre ei historisk hending.
- Vi opplevde ein del vêr og vind. Da tenker ein tilbake på dei som foretok denne reisa for meir enn 100 år sidan.
- Det Roald Amundsen og resten av mannskapet gjorde kan bare beskrivast som ei bragd, seier Albrigtsen etter å ha kryssa i løpet av tre veker.

- Enorm respekt

Roald Amundsen og Gjøa brukte tre år.
- Det står ei enorm respekt av å utforske eit slikt barskt område som Nordvestpassasjen med dåtidas avgrensa hjelpemiddel, seier Albrigtsen i ei pressemdling.
Konsernsjef Daniel Skjeldan i Hurtigruten seier at Hurtigruten her er med å skape historie.
- For berre få år sidan var eit cruiseskip med batteripakkar nærmast utenkeleg. Nå heidrar MS Roald Amundsen den store polarhelten ho er oppkalla etter ved å følgje i Amundsens kjølvatn, gjennom Nordvestpassasjen med batteripakkar og hybridmotorar, seier Skjeldam.

Sterk storm

Kaptein Kai Albrigtsen opplyser i pressemeldinga at MS Roald Amundsen segla gjennom sterk storm, kuling, snø, tåke og is.
- Og vi har opplevd nordlys, spektakulære solnedgangar, storslagen natur og fantastisk dyreliv.
- Men det som har gitt størst inntrykk, er korleis vi har blitt tatt imot av lokalbefolkninga undervegs, akkurat slik som Roald Amundsen sjølv vart tatt imot. Den unike gjestfridomen har gjort dette til ein helt spesiell tur, seier Albrigtsen.

Publisert: 11.09.2019 11:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:39