MMC First Process inn i landbasert oppdrett
INNSPURT: I morgon kjem etablerte og moglege kundar, leverandørar og samarbeidspartaner inn dørene til oppdrettsmessa Aqua Nor. Guro Kvalsund Aksnes klargjer standen til MMC First Process.
Nytt

MMC First Process inn i landbasert oppdrett

Levering av tankanlegg er gjennombrot i den chilenske marknaden og eit steg inn i landbasert oppdrett.

20.08.2019
Kontrakten på 150 milionar kroner er både eit gjennombrot i den chilenske marknaden og eit steg inn i landbasert oppdrett, i følgje MMC First Process-sjef Petter Leon Fauske.
Det handlar om ventetankar, landbaserert tankar der laksen blir oppbevart før slakting. I Noreg er det vanleg å oppbevare fisken i merd, rett ved slakteriet. Der den chilenske kunden Australis Seafood skal bygge ein fabrikk er det av miljøomsyn ikkje lov å oppbevare fisken i ventemerder før slakting. Dermed er det ein marknad for å kunne lagre den levande på land.
Australis Seafood skal ha fire ventetankar.

Meir frå Aqua Nor:


Testa på Salma-laks

Bremnes Seashore i Sunnhordland, som står bak varemerket Salmalaks, brukar landbaserte ventetankar frå MMC First Process og tankane som skal til Chile er eit vidareutvikling basert på Bremnes Seashore-tankane.
Poenget med ventetankar samanlikna med ventemerdert er betre kontroll med vasstemperatur og -kvalitet, i tillegg til mindre stress for fisken før slakting.

Lønsemda opp

I Trondheim måndag var Guro Kvalsund Aksnes i full gang med å klargjere standen til MMC First Process på oppdrettsmessa Aqua Nor, som opnar i dag.
Der skal moglege kundar mellom anna få vist fram ventetankane og systemet rundt.
2018 enda med inntektsnedgang og underskot for MMC First Process (sjå tabell) 2018 blei eit restruktureringsår og marknaden var svakare, seier Fauske.
I år er ordrereserven ein halv milliard kroner og selskapet går ut ut pluss.
- I år er marknaden veldig veldig bra, seier han.
Investeringselskapet Credo, dei opphavlege First Process-aksjonærane og tidlegare MMC-sjef Leif Gjelseth sto tidlegare i sommar i spissen for å kjøpe ut Havyard Group sin 75-prosents aksjepost i MMC First Process.
MMC First Process har totalt 143 tilsette.

Les også:


Publisert: 20.08.2019 08:34

Sist oppdatert: 06.07.2021 15:11