Lyspunkt etter braastopp
VINDKRAFT-OPPDRAG: Island Dilligence er mellom skipa til Island Offshore-direktør Tommy Walaunet, som har sikra seg arbeid på vindkraftmarknaden.
Nytt

Lyspunkt etter bråstopp

Island Offshore-sjef Tommy Walaunet kan gle seg over forlenging med Equinor og eit bra førstekvartal.

Marius Rosbach
02.06.2020
Island Offshore har på same vis som dei fleste reiarlaga i oljeservice, hatt ein tøff vår etter at koronapandemien slo til.
– Vi fekk ein skikkeleg bråstopp i april, etter at vi hadde det beste førstekvartalet på mange år. 2019 blei alt i alt eit bra år etter forholda, og vi følte at ting var i ferd med å snu, fortel Walaunet til NETT NO.

Sikra meir arbeid

Eit lyspunkt siste veka er ei forlening på eit oppdrag Island Clipper gjer for Equinor, til våren 2023. Fartøyet hadde som starta i fjor, som no er blitt plussa på med eitt år.
Eit anna lyspunkt er . Førre veke kom det inn fleire oppdrag frå same kunde i spotmarknaden. Island Valiant er sikra arbeid i minst 24 dagar og Island Vanguard skal ut i oppdrag på minst åtte dagar for offshoreentreprenøren.

Spent på vindkraft og solenergi

Reiarsjefen ser teikn til at marknaden vil normalisere seg, men legg ikkje skjul på at det framleis er svakt på olje- og gass. Nivået på oljeprisen framover blir viktig, men Walaunet er også spent på korleis koronakrisa slår ut i andre kraftmarknader.
– Energimarknaden elles, er også meir viktig enn før – og det kan vere meir moglegheiter her framover. Men ein del aktørar meiner at også aktiviteten i offshore vind og solenergi kan bli påverka framover, påpeiker han.
Island Diligencei vindkraftbransjen. Etter eit oppdrag i Tyskebukta i vår, skal skipet i jobb i dansk sektor i Østersjøen. Her skal fartøyet vere hotellskip og hjelpe til ved gangvegoperasjonar.

Island Offshore-direktør:


Får testa rutinar

Den praktiske handteringa av koronapandemien med smitteverntiltak og restriksjonar, gjer at organisasjonen er kontinuerleg beredskap.
Walaunet fortel at dei har nok av utfordringar med folk som skal reise langt, og logistikk for å halde skipa bemanna.
– Det er krevjande å halde alt i gong. Vi har smittevernreglar som skal implementerast og varierande reiserestriksjonar som skal følgast. I tillegg vil ein til dømes få mistenkte smittefeller, som gjer at vi verkeleg får testa alle rutinar, fortel Walaunet.

Les også:




Publisert: 02.06.2020 15:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57