Lyser ut milliardkontrakt neste veke
STATENS VEGVESEN: Marianne Nærø (til h.) er prosjektleiar i Statens vegvesen. Her frå Byggebørsen i Ålesund i november. 
Nytt

Lyser ut milliardkontrakt neste veke

26. januar vert hovudkontrakta på Nordøyvegen lyst ut. Det er den største enkeltkontrakta på veg i Midt-Norge nokonsinne. 

Kristin Vidhammer
19.01.2018
Kontrakta inneheld bygging av tre undersjøiske tunnellar, tre bruer, miljøtunnel og veg i dagen, der kostnadsanslaget ligg mellom 1,8 og 2,2 milliardar kroner, eks. mva.
Utlysinga har frist for å levere tilbod om lag tre månader seinare. Statens vegvesen har førehandsvarsla utlysinga av kontrakta i norske Doffin og europeiske TED, som begge er portalar for offentlege anskaffingar.
Når Statens vegvesen har opna tilboda, skal dei gjennom ein omfattande kontroll før det blir innstilt ein entreprenør til oppdraget. Planen er at byggearbeida i hovudkontrakta skal starte i september/oktober i år.

Oppfordra til samarbeid

Statens Vegvesen har tidlegare varsla at kontrakta ville bli utlyst no på nyåret. Det er Marianne Nærø i Statens vegvesen som er prosjektleiar.

- Det er ingen lokale entreprenørar som kan ta dette åleine. Poenget med førehandsvarsling er å gje entreprenørbedrifter tid til å orientere seg mot moglege samarbeidspartnar og inngå eventuelle alliansar som saman kan konkurrere om jobbane, sa Nærø på Næringsforeningens arrangement Byggebørsen i Ålesund i november.
- Vi kan berre oppfordre dei om å danne konstellasjonar, sa ho vidare.

Fastlandssamband til 2900 menneske

Nordøyvegen gir fastlandssamband til rundt 2900 menneske på Lepsøya, Haramsøya, Skuløya/Flemsøya og Fjørtofta i Haram kommune og Harøya og Finnøya i Sandøy kommune i Møre og Romsdal. Dermed blir 10 000 innbyggjarar i kommunane Haram og Sandøy knytt nærare saman.
Statens vegvesen bygger Nordøyvegen på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Totalkostnaden for prosjektet er 3,8 milliarder kroner. Finansieringa kjem frå kommuner, privat, bompengar, fylke, RDA-midler, ferje- og hurtigbåtsubsidiar. Oppstarten var i september 2017 og vegen er antatt opna i 2023.

Publisert: 19.01.2018 15:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17