Lyng og Kvalsvik med eige varemerke
NY AVTALE: Agnar Lyng (til h.) signerte for Stadyard avtale i mars i år om bygging av nytt fiskefarty for Stormhav. Fv. Håkon-Inge Mjånes, Rolf Grønnevik, Tomas Bjørnø (alle fra Stormhav AS). Neste kontrakt for Stadyard blir som ein del av Babord Group-konsernet
Nytt

Lyng og Kvalsvik med eige varemerke

Agnar Lyng i Måløy og Kvalsvik-familien i Herøy lanserer eigen merkevare i den internasjonale fiskemarknaden.

05.12.2018
Målet er at mest mogleg av fisken til selskapet skal hamne i europeiske og amerikanske butikkar med det nye merkenamnet "Babord" på emballasjen.
Merkevaresatsinga er ein del av ei omfattande omorganisering og profilering av verksemdene dei eig. Saman er Lyng og Kvalsvikfamilien inne i fiskeri, fiskerindustri, fiskeeksport, skipsbygging og eigedom.

Eitt konsern

No samlar dei alt i eitt konsern, Babord Group, der Lyng eig to tredjepartar og Kvalsvik-familien ein tredjepart.
Omorganiseringa blei markert med brask og bram ved hovudkontoret på Raudeberg i Vågsøy i helga.
Under Babord Group ligg dotterseskapa Babord Catch, Babord Industries og Babord Seafood, i tillegg til eigedomsverksemda.
Babord Catch har to pelagiske ringnotsnurparar/trålare og ein Nordsjøtrålar for kvitfisk (torsk o.l.) i tillegg til kvoterettane til ytterlegare trålar.
Ein ny båt står for å ta i bruk alle kvoterettane står øverst på lista for moglege nye investeringar i selskapet. Lyng meiner det er sannsynleg at ei avgjerd om nybygg blir tatt i første halvår neste år.
Den viktigaste verksemda i industriselskapet er skipsverftet Stadyard, som både driv med nybygg og ombygging/reparasjon.
I Babord Seafood ligg salsavdelinga og ein majoritetseigd fabrikk i Darlowa i Polen med omlag 170 tilsette, der blant anna "Babord-fisken" skal foredlast og pakkast.

Siktar mot milliarden

Lyng anslår at konsernet i år får driftsinntekter på til saman 600-700 millionar kroner og har 250-300 tilsette.
Neste år reknar han med driftsinntekter på rundt ein milliard kroner.
Lyng og Kvalsvik-familien har vore partnarer sidan Kvalsvikfamilien gjekk inn på eigarsida i det som var Lyng Rederi i 2008 -seinare Torbas, og som no er kjernen i fiskerisatsinga i Babord Group.
I starten var også Tore Lyng, bror til Agnar, medeigar. Då Tore Lyng ville ut av selskapet låg det an til rettsak om kva han skulle ha for sin eigarandel, men partane inngjekk forlik tidlegare i år og Agnar Lyng, Sigmund Magnus, Per Jan og Marvin Kvalsvik kjøpte han ut for eit ikkje offentleggjort beløp.

Publisert: 05.12.2018 16:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:28