Luseplagen gav mindre oppdrag
LAKS: Brudanes har hatt nokre oppdrag for oppdrettarar i Skotland, men skal no tilbake for å frakte laks for oppdrettarar på Helgeland og i Vesterålen.
Nytt

Luseplagen gav mindre oppdrag

Oppdrettarane var meir opptatt av lusekamp enn laksefrakt i fjor, noko som førde til mindre arbeid for brønnbåten Brudanes.

27.03.2017
No legg brønnbåtreiar Bjørn Våge frå Sandsøya planane om ein ny brønnbåt på is.
- Eg er sjølv snart pensjonist, og eg har ingen etter meg som vil drive med dette her, så det vert nok ingen ny båt.
- I alle fall har eg ikkje planar om det no, og så får framtida vise om eg endrar syn.

47 år gamal båt

Våge eig brønnbåten Brudanes, ein 49,48 meter lang brønnbåt som opphaveleg vart bygd ved Vaagland Båtbyggeri i 1970, men som var gjennom ei omfattande ombygging i 2002 ved Larsnes Mek. Verksted i Sande.
Brudanes-reiarlaget har siste åra i stor grad hatt oppdrag for kundar i Vesterålen og Helgeland, men har no vore ein svipptur innom Skotland.
- Det vart for lite arbeid i Norge på grunn av all fokus på lusekamp, så vi tok nokre oppdrag i Skotland.
- Neste veke er vi tilbake i Norge, seier han.

Avtale til 2020

Selskapet har avtale fram til 2020 om å frakte laks for oppdrettarane i Vesterålen og Helgeland. Dette er små aktørar.
- Vi likar det best slik. Vi er små sjølve, og likar helst å sleppe å kjempe med dei store.
I 2016 vart fraktinntektene 3,1 millionar lavare enn året før. Resultatet enda også så vidt i minus, etter å ha hatt eit plussresultat på 4,4 millionar kroner før skatt året før.

Lusefokus

Våge forklarer det svakare resultatet med luseplager.
- Vi driv ikkje med lusekamp. Vi fraktar fisk, og i fjor var det for mange oppdrettarar mykje fokus på det første.
Brudanes-selskapet er dotterselskap til Dollsøy Trans, som er 65 prosent eigd av Bjørn Våge og 35 prosent eigd av Britt Sandsbakk.
Dette selskapet hadde i fjor inntekter på 6,3 millionar kroner og eit resultat før skatt på 2,4 millionar.
Vi likar det best slik. Vi er små sjølve, og likar helst å sleppe å kjempe med dei store

Publisert: 27.03.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:07