Lovar rimelegare nettleige etter fusjon
KRAFT: Kundane i Sunnfjord Energi er lova rimelegare nettleige etter fusjon.
Nytt

Lovar rimelegare nettleige etter fusjon

Generalforsamlinga i Sunnfjord Energi vedtok onsdag full fusjon med BKK, dermed blir Sunnfjord regionsenter for BKK i det nye Vestlandsfylket.

26.06.2019
NPK: BKK og Sunnfjord Energi melder i ei utsegn onsdag at dei to selskapa skal fusjonere.
Resultatet av fusjonen vil vere rimelegare nettleige for kundane til Sunnfjord Energi, opplyser selskapet.
I tillegg vil BKK opprette opp mot 40 nye arbeidsplassar i Sunnfjord og Ytre Sogn, der Sunnfjord Energi har hatt sine eigarkommunar.

Ny kraftgigant

Styreleiar Arvid Andenæs i Sunnfjord Energi seier at lågare nettleige ikkje har vege tyngst på vekstskåla i fusjonsspørsmålet.
– Det er svært viktig for oss å forhandle fram ei avtale som uavhengig av lågare nettleige er så god at den vil vera til det beste for eigarane, kundane, dei tilsette og regionen, seier Andenæs.
Selskapa går no i gang med eit integrasjonsprosjekt som skal følgje opp alle aktivitetar knytt til fusjonen.
Gjennom fusjonen styrkjer BKK rolla som kraftgigant på Vestlandet.
BKK har i den siste tida vore mykje omtala i media grunna forhandlingsstrid med medeigar i Sogn og Fjordane Energi, Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Publisert: 26.06.2019 16:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36