Lovar plan for maritim utsleppsreduksjon
KOMMER MED PLAN: Ola Elvestuen seier det kjem ein tiårsplan for korleis ein skal redusere utsleppa innan 2030. Her avbilda under Venstres landskonferanse i oktober. 
Nytt

Lovar plan for maritim utsleppsreduksjon

Næringsliv og politikarar etterlyser ein strategi for å få fart på den grøne omstillinga. Miljøminister Ola Elvestuen seier det kjem ein tiårsplan.

08.11.2019
(NPK- Kjell Åsmund Sunde): – Eg skal legge fram ein plan for korleis vi kan redusere utsleppa innan transport, landbruk og avfall med 45 prosent innan 2030, sa Elvestuen under sesjonen som handla om utsleppsfri skipsfart på Zerokonferansen i Oslo torsdag.

Vestland vil ha overordna strategi

Varaordførar Natalia Golis i nye Vestland fylkeskommune heldt òg eit innlegg under sesjonen. Ho ønska seg ein overordna strategi for å få på plass løysingane.
– Det står ikkje og fell på teknologien eller aktørane i maritim næring. Det handlar om at vi må ha politikarar som er modige nok til å stille krav og levere pengar, sa ho.
Vestland fylkeskommunen har òg eit forslag om nullutslepp innan 2030 ute på høyring no. Truleg blir dette vedteke då fleirtalet av partia i det nye fylkestinget har stilt seg bak.
– Det handlar i stor grad om kva styringsdokument ein legg til grunn for omstillinga, sa Golis.
– Det er lett å ha ambisjonar og levere rapportar som seier at vi skal levere, men offentlege anbod kostar. Det kostar å vere dei som går føre og prøver ut. Vestland fylkeskommune går no inn i ein budsjettprosess med ein halv milliard kroner i salderingsbehov. Vi har ikkje klart å betale for ekstrautgiftene omstillinga fører med seg. Vi treng nasjonal oppfølging, sa ho.

Næringa ønskjer tiårsplan

Også aktørar frå maritim næring hadde innlegg under sesjonen. Kristian Osnes frå Havyard Group ASA snakka om deira utvikling av eit hydrogen-energisystem til Kystruten, godkjent for nullutslepp med høg fart over lengre distansar.
– Vi kjenner energibehovet for ei ferje. Kystrute-skipa er fire gongar tyngre og går ein og ein halv gong så fort. Difor treng ein sju gongar større hydrogentank enn på ei hydrogenferje, sa han.
Også han peika på økonomiske utfordringar.
– Den tekniske løysinga er mogleg å få til, men teknologiskiftet er ein kostnad. Det er der vi må byrje å jobbe for å dra utviklinga vidare. Vi ønsker oss ein tiårsplan der ein frå offentleg hald er heilt tydelege på ei trinnvis utvikling i rammevilkår. Først då kan ein byrje å gjere kostnadskalkylar i eit reiarlag, sa han.
(©NPK)

Publisert: 08.11.2019 23:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:44