Lovar fart paa salet fraa Saferoad
INVESTERER: Saferoad vil investere i dei dotterbedriftene som gir best avkasting på pengane, seier konsernsjef Michael Hermansson (I midten). I går vitja han moderbedrifta til konsernet, Vik Ørsta i Ørsta. 
Nytt

Lovar fart på salet frå Saferoad

Vik Ørsta skal auke overskotet med over ti millionar kroner i året, takka vere nye investeringar. Ny Saferoadsjef skal få fart på salet.

29.01.2014
Konsernsjef Michael Hermansson i Saferoad legg jakta på oppkjøpskandidatar på hylla, og flyttar kostnadskutt ned på prioriteringslista. No er det auka sal som gjeld.
- Vi må vekse. Eg trur vi har slanka organisasjonen ganske kraftig. Vi har tatt ut kostnadar, og no må vi begynne å selje. The name of the game is sales, det er det som gjeld. Ein kan berre ta ut kostnadskutt ein gong, så er effekten borte. Deretter må ein selje meir, og vi kan berre selje meir om vi er konkurransedyktige, seier Hermansson.

Ta større del av marknaden

Målet er å auke salet for heile Saferoad med 8-10 prosent i år. Veksten skal kome over heile fjøla, både i Noreg, Sverige, Tyskland og Polen, men relativ sett ekstra mykje i det sentral Aust-Europa og Tyrkia.
-Vi trur vi skal vekse raskare enn marknaden. Vi skal ta marknadsandelar, og det kan vi berre gjere om vi er konkurransedyktige, seier Hermansson.
tok til som toppsjef i Saferoad frå årskiftet. I dag, onsdag 29. januar, var han på sitt første besøk hos Vik Ørsta i Ørsta, verksemda Saferoad spring ut av, og formelt også adressa til hovudkontoret i konsernet.

God start

Hermansson har fått ein god start hos dei tilsette i Vik Ørsta, i og med at konsernet nettopp har bestemt seg for å investere 23 millionar kroner i nye maskiner og anna utstyr i Vik Ørsta berre i år. Går det bra kan det bli investert også neste år.
Alternativet var å flytte ut meir produksjon til lavkostland, men Saferoad valde i staden å satse i Noreg.
Forventningane til verkanden av investeringane er store. Vik Ørsta skal auke overskotet med over ti millionar kroner berre i år, og investeringa skal gjere det råd å auke sale med 35 millionar kroner.

Må satse

Investeringar er heilt naudsynte, meiner Hermansson.
- Det ein kamp med kundane. Du må bli betre, du må bli billegare, du må bli sterkare, og kundane krev kortare og kortare leveringstid. Ser du på desse produkta (som Vik Ørsta lagar, red. merk) så er dei veldig vanskeleg å kjøpe i Kina eller lage i Polen, fordi dei er så tunge og klumpete. Du må ligge veldig nær kundane og gi service, seier Hermansson.
Han trur industrien her i landet kan klare seg, trass i høge lønskostnadar.
- Eg har jobba i i svensk industri i 30 år. For 30 år sidan trudde alle at det (fram i tid, red. merk) ikkje skulle vere att noko industri, korkje i Sverige eller Noreg. Sånn er det ikkje. Men ser du på Sør-Europa eller Aust-Europa så er store skilnadar i lønskostnandar. Det kan vi ikkje gjere noko med, då får vi berre bli meir effektive, seier han.

Konkurranse om pengane

For å få å auke konkurransekrafta og auke salet kjem Saferoad til å investere meir, stadfestar Hermansson. Men kvar investeringane kjem er i stor grad opp til dei einskilde selskapa i konsernet.
- Vi har 106 ulike selskap i konsernet. Frå vårt synspunkt så investerer vi der vi får best avkastning på investeringa, seier han.
I utgangspunktet blir det investert i Vik Ørsta for å auke lønsemda, med sikrare - ikkje fleire - arbeidsplassar som ein bonus. Men om salet stig, slik Saferoad-sjefane vonar, kan det og bli aktuelt å auke arbeidsstokken, i følgje styreleiar Terje Myhre i Vik Ørsta.

Tener for lite

Vik Ørsta har tent gode pengar dei siste åra, medan resultata i Saferoad-konsernet, som Vik Ørsta er ein del av, ikkje har vore like gledlege for eigarane.
Av 603 millionar kroner i driftsinntekter i 2012 fekk Vik Ørsta eit resultat før skatt på 65 millionar kroner. Lønsemda har vore på dette nivået og betre i fleire år på rad.
Konsernet Saferoad Holding AB derimot, gjekk med 300 millionar svenske kroner i underskot av 5,4 milliardar i driftsinntekter. (Selskapet er svenskregistrert - og tala for dette selskapet er i svenske kroner, ikkje norske).

Saferoad United

2014 skal bli betre enn 2013, men lønsemda er alt for låg i dag, vedgår Hermansson.
- Vi har ei relativ lønsemd på under 10 prosent, seier Hermanson.
Då snakkar han ikkje om resultat før skatt i høve til driftsinntektene, men driftsresultatet utan av- og nedskrivingar (EBITDA). Det svake resultatet skuldast mellom anna at Saferoad ikkje er skikkeleg samansveisa.
- Vi må konsolidere oss. Eg trur vi må ta ut samarbeidsgevinstar mellom selskapa, vi må jobbe mykje tettare i konsernet. Vi har 106 juridiske einingar, vi har sannsynlegvis 106 ulike datasystem. I mitt hovud finst eit konsept som heiter Saferoad United. Vi må sette oss meir saman og lære av kvarandre. Vi må konsolidere og sveise saman desse selskapa, slik at dei fungerer betre både når det gjeld produksjonen og sal, seier han.
Vi har tatt ut kostnadar, og no må vi begynne å selje

Publisert: 29.01.2014 18:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:31