Lokalsamfunnet maa ta meir styring over cruisetrafikken
CRUISE: I Stranda kommune har kommuneleiinga og hamnevesenet sett i gang eit arbeid for å sjå på moglegheitene for meir lokal styring av cruisetrafikken til Geiranger. 
Nytt

– Lokalsamfunnet må ta meir styring over cruisetrafikken

– Å få til berekraftig reiseliv handlar om meir enn å måla utslepp frå cruiseskip, seier ordførar i Stranda Jan Ove Tryggestad.

14.11.2019
NPK-Margunn Sundfjord: Han meiner cruiseturisme framleis er viktig for verdsarvområda, men er klar på at lokalsamfunnet må ta meir styring.
Denne veka har ein rapport bestilt av NHO reiseliv skapt store overskrifter i media. Rapporten konkluderer med at cruiseturistar er dei turistane som legg att minst pengar i Noreg, og som slepper ut mest CO2. Dette bør føra til færre cruiseanløp langs kysten, uttalte administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv til Dagens Næringsliv.
Stranda-ordføraren seier han deler bekymringane til Devold i ein normal situasjon, men meiner Stranda kommune for tida har ein unormal situasjon sidan Stortinget har vedteke at berre utsleppsfrie cruiseskip får gå inn i verdsarvfjordane frå 2026.
– Vi er ikkje mest opptekne av problemstillingane til NHO, men det som skjer når kravet om nullutslepp i Geiranger tek til å gjelda. Ut frå det vi veit i dag, vil problemstillinga om talet på cruiseskip då ikkje vera så aktuell. Nullutsleppskravet vil føra til at det i realiteten nesten ikkje er cruiseskip som kan gå inn i Geiranger eller Flåm. Det er den problemstillinga vi arbeider mest med no, seier Tryggestad til Nynorsk pressekontor.

Skjør framtid

Han fryktar at ein konsekvens av kravet om nullutslepp i verdsarvfjordane er at cruisenæringa heller vel andre hamner, og at Geiranger kjem til å tapa viktige inntekter. Det kan få store konsekvensar for turistbygda, meiner ordføraren og peikar på at utviklinga i bygda i dag går i feil retning på grunn av utviklinga elles i samfunnet.
– For meg handlar berekraftomgrepet om meir enn å måla utslepp. Vi skal vera med å regulera, men dei komande åra må vi først og fremst leggja til rette for heilårsbusetnad i Geiranger som kan generera inntekter. I dag er bekymringa mi at vi om få år er ei bygd som ikkje lenger er heilårsopen. Vi balanserer i dag nesten på ein knivsegg når det gjeld å halda oppe eit heilårstilbod, seier han.
Tek grep for meir lokal styring
Når det gjeld utviklinga av cruisetrafikken i verdsarvområda, er Tryggestad klar på at lokalmiljøet må ta meir grep enn dei har gjort tidlegare. I Stranda har kommuneleiinga saman med hamnestyret sett i gang eit arbeid for å sjå på moglegheitene for å ta meir styring over cruisetrafikken.
– Det betyr mellom anna å laga reguleringar for trafikken, som NHO er inne på. Det handlar også om utviding av sesongen og om å leggja til rette for alternative løysingar når cruiseskipa ikkje lenger kan gå inn i Geiranger på grunn av at teknologien ikkje er på plass. Då må vi tenkja alternative løysingar, seier Tryggestad.
I arbeidet kommunen og hamnevesenet no er i gang med, vil dei mellom anna henta inn eksterne fagfolk med kompetanse innan marin teknologi og reiseliv. Ordføraren er overtydd om at løysingane kommunen kjem fram til, også vil ha overføringsverdi til andre cruisehamner langs kysten.
– Eg meiner vi i større grad må ta tilbake styringa av cruisenæringa. I det ligg det òg ei erkjenning av at cruisetrafikken har vore litt for mykje styrt på premissane til cruisenæringa. I framtida vil vi ha ein større del av styringa sjølv, slår Tryggestad fast.

Etterlyser nasjonal plan

– På ein cruisekonferanse i Bergen nyleg blei det reist spørsmål om det er behov for ein nasjonal cruisestrategi. Kva tenkjer du om det?
– Eg trur ikkje det er behov for ein eigen cruisestrategi, men det er behov for ein nasjonal strategi eller plan for berekraftig reiseliv generelt. Det hadde eg gjerne sett koma, seier Tryggestad.
Så lenge det ikkje er stilt absolutte miljøkrav til hamnene i omlandet, fryktar han at cruiseskipa i staden vil gå til Eid og Olden og at cruiseturistane blir frakta med buss til Geiranger. Det vil ifylgje ordføraren berre føra til andre miljøproblem, fordi vegane i området ikkje er berekna for slik trafikk.

Trur på grønare skipsfart

Dagleg leiar i Cruise Norway, Inge Tangerås, seier han er usikker på kva NHO eigentleg meiner, men peikar på at cruisenæringa sjølv er oppteken av å få ned utsleppa og få til ei meir miljøvennleg næring. Sjølv har han stor tru på grønt skipsfartsprogram, der Noreg har forplikta seg til å redusera klimagassar med 40 prosent innan 2030.
– Både Cruise Norway og dei tre største cruiseselskapa har blitt med i dette programmet, seier han.
Ifylgje Tangerås inneber dette at ein vil prøva å koma fram til eit «vegkart» for cruisetrafikken i Noreg, der ein både får mindre utslepp og tek vare på god forretning for alle som er avhengige av cruisetrafikken.
Tangerås peikar på om det er mange nyansar når det gjeld cruisetrafikk og er usikker på om rapporten til NHO til dømes har rekna inn kor mykje cruiseskipa legg att i hamneavgifter, lostenester og andre tenester som cruiseeigarane betalar for.
Han strekar elles under at cruisenæringa sjølv er svært oppteken av å bli meir miljøvennleg og investerer mykje både i ny teknologi og nye typar drivstoff.
For meg handlar berekraftomgrepet om meir enn å måla utslepp

Publisert: 14.11.2019 14:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:44