Lokale selskap kjempar om prisar
PRIS: Denne 30 meter lange gangvegen kan opererast sjølv i fem meter høge bølgjer. No er Uptime-gangvegen nominert til internasjonal pris.
Nytt

Lokale selskap kjempar om prisar

Uptime International er eitt av fleire selskap frå Nordvestlandet som er prisnominerte i London-kåringa til Offshore Support Journal.

18.01.2019
Ålesund-baserte Uptime International er nominert i klassen for Årets internasjonale fornybarpris.
Selskapet er nominert for utviklinga av ein gangveg som vil auke tilkomsten til vindturbinar i dårleg ver.
Gangvegen skal installerast om bord i Bernhard Schulte sitt nye offshore vindskip. Også Island Offshore-skipet Island Clipper vil få denne gangvegen.
Uptime konkurrerer med Louis Dreyfus Armateurs og GMS & Orbit om prisen.

Rolls-Royce

I klassen for Årets skip er det Marin Teknik-designa Maersk-skipet Maersk Inventor ein av tre nominerte.
Rolls-Royce er nominert i klassen Årets innovasjon med sin permanent magnetthruster.
I klassen Årets skipseigar er Kristen Sveaas-selskapet Viking Supply Ships ein av tre nominerte. Adm. dir. i selskapet er sunnmøringen Trond Myklebust.

Kongsberg og ABB

Når det gjeld årets DP-pris (dynamisk posisjonering), er både Kongsberg og ABB nominerte. Selskapa konkurrer med IMCA om prisen.

Prisane skal delast ut under ein gallamiddag i London 6. februar.

Publisert: 18.01.2019 16:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30