Lokale krav om nasjonale reglar
BUSSFRYKT: Geiranger i Møre og Romsdal vil få besøk av fleire bussar og færre cruiseskip med dei nye miljøkrava, fryktar politikarar og næringsliv. 
Nytt

Lokale krav om nasjonale reglar

Fylkespolitikarar, kommunepolitikarar og lokalt næringsliv fryktar tap og konkurransevriding som følgje av nye miljøkrav i verdsarvfjordane i vest.

21.09.2018
NPK: Det kjem fram i ei rekkje høyringsinnspel til Sjøfartsdirektoratet. Frå 1. januar blir det innført nye, strengare reglar for utslepp til sjø og luft i Geirangerfjorden, Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden.
I arbeidet med forskriftsendringane peika konsulentselskapet Menon Economics i ein rapport på eit mogleg tap på 250 millionar kroner som følgje av at færre cruiseturistar besøkjer verdsarvdestinasjonane Flåm og Geiranger.

Fryktar omdirigering frå sjø til veg

Stranda kommune fryktar at desse geografisk avgrensa miljøreglane gjer at cruiseturistane heller reiser til Geiranger og Hellesylt med buss frå til dømes Ålesund.
– Dersom dette blir ein sideeffekt er det lite interessant for Stranda at regelverket berre skal gjelda verdsarvfjorden, ettersom det den mest sannsynlege effekten vil bli at dette både reduserer verdiskapinga frå cruise lokalt og samstundes beheld den totale miljøbelastninga, skriv kommunen i høyringssvaret til Sjøfartsdirektoratet.
Stranda kommune stiller seg samstundes bak utsegna frå Stranda hamnevesen som oppmodar styresmaktene om å arbeida for nasjonale framfor lokale reglar.
– Dersom cruiseskip blir utestengde frå verdsarvfjordane og får høve til å leggja til i nærliggjande hamner, vil det resultera i eit auka tal bussar inn til Geiranger. Det vil vera særs uheldig både for miljøet og ein allereie sterkt pressa trafikal infrastruktur i Geiranger.
Stranda, Lærdal, Norddal og Voss kommune har latt høyre frå seg i saka, medan kommunane Aurland, Luster og Vik ikkje har sendt høyringsuttale.

– Næringsutvikling framleis mogleg

I ein felles cruisestrategi krev Vestlandsfylka at anbefalingane frå Sjøfartsdirektoratet også skal innførast på nasjonalt nivå, ikkje berre i verdsarvfjordane. Sogn og Fjordane fylkeskommune skriv i høyringsuttalen at politikarane er uroa for dei økonomiske konsekvensane mellom anna strengare krav til utslepp av nitrogenoksid (NOx) kan få for reiselivet i verdsarvfjordane.
Tiltaket vil vera konkurransevridande, meiner fylkeskommunen. Det same peikar andre aktørar som Norsk reiseliv, Cruise Norway og Cruise Europa på.
– Å innføre miljøkrav lokalt her, løyser mykje av problemet der, men overfører utfordringane til andre stader der cruiseskipa vel å leggja til kai, skriv fylkeskommunen.
Sjøfartsdirektoratet er klar på at det vil komma færre cruiseskip til Noreg når dei nye reglane blir innført frå nyttår. Miljøkrava som blir stilt er tøffe, men akseptable for både næringa og kommunane, meiner avdelingsdirektør Bjørn Pedersen i Sjøfartsdirektoratet.
– Det skal framleis vera mogleg med næringsutvikling, men utsleppa må ned, seier han.

Vil ha med Bergen

Det vestnorske fjordlandskapet blei skrive inn på Unesco-lista i 2005. Samferdsledepartementet peikar på at Bergen allereie i 1979 blei skrive inn på den same lista. Departementet meiner difor at høyringsbrevet burde forklara kvifor ikkje forslaget også omfattar Bergen havn.
– Bergen har hatt høg lokal luftforureining og ei stor eksponert befolkning. Så vidt me kan sjå er Bergen kommune heller ikkje oppført som høyringsinstans, skriv departementet.
I eit felles høyringssvar peikar Fylkesmannen i Hordaland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane på at dei er godt kjende med at det til tider kan vera problem med ureining der det er mange anløp av cruiseskip, til dømes i Bergen.
– Dei nye reglane bør difor etter kvart utvidast til å gjelda her og andre stader med mange cruiseskipsanløp i året, og på sikt all cruisetrafikk til Noreg, skriv Fylkesmennene. Dette kravet støttar Voss kommunen opp om i høyringssvaret sitt.

Cruisevekst andre stader

Menon-rapporten reknar med at 75 av cruiseanløpa som i dag ville gått til Geiranger eller Flåm, i staden går til cruisehamner i Skjolden, Olden og Åndalsnes i 2022. I 2025 vil dette talet vere 90 på grunn av gradvis strengare utsleppskrav.
Kystverket viser til at talet på cruiseskip som vitjar Olden og Åndalsnes aukar betydeleg. Moglege miljøpåverknadar på desse stadene må Sjøfartsdirektoratet ha i bakhovudet, meiner Kystverket, som viser til at nullutsleppsvedtaket i Stortinget i mai gjeld alle viktige turistfjordar.
– Det vil difor vera viktig å følgje utviklinga i Olden, Åndalsnes og andre utvalde hamner og på sikt vurdera å innføra liknande utsleppskrav andre stader, slik som delar av Nordfjorden og delar av Romsdalsfjorden, skriv Kystverket.
Fleire aktørar argumenterer for at reglane bør vera nasjonale, eller blir utvida til populære cruisehamner og fjordar, av omsyn til miljøet. Blant dei er Bellona, Zero, NCE Maritime CleanTech, Yara og Nærøyfjorden verneområdestyre.

Publisert: 21.09.2018 13:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26