Lokalaviser med felles nett satsing
VURDERER NETTAVIS: Storfjordnytt-redaktør Britt Ingunn Maurstad vurderer nettavis-lansering til hausten.
Nytt

Lokalaviser med felles nett-satsing

Seks lokalaviser på Nordvestlandet går saman om å lansere nettaviser.

18.06.2019
Når Storfjordnytt feirar 40-årsjubileum i haust har redaktør Britt Ingunn Maurstad eit mål om å lansere nettutgåve.
- Vi er i ein prosess med fleire andre ikkje-konsernaviser i området der vi ser på tekniske løysingar som passar små aviser, seier Maurstad.
Storfjordnytt blir gitt ut av Storfjord Bladlag as, og hadde eit opplag på knappe 1300 abonnentar i fjor. Avisa snudde minus til pluss frå 2017 til 2018 (sjå tabell) og ligg så langt an til overskot også i år.

Sterkare saman

Dei andre avisene som er med i samarbeidet er Nordvestnytt på Smøla, Vestnesavisa, Øyblikk i Giske, Sulaposten og Synste Møre i Vanylven, i følgje Nordvestnytt og Øyblikk-eigar Robin Røkke.
Han seier avisene ser både økonomiske og tekniske fordelar av å stå saman i arbeidet med å kartlegge moglege tekniske løysingar.
- Det er vanskeleg å vere frittståande avis i ein digital ære og forhandle med leverandørar, seier Røkke.
Førebels er arbeidet i ei utgreiingsfase. Dei avisene i samarbeidet som vel å satse på nettavis vil kunne vere i stand til å ha ei nettavis frå hausten av, etter Røkke si vurdering.
Røkke seier den tekniske løysinga også vil kunne takast i bruk av andre enn dei avisene som samarbeider frå starten.

Meir avis

Storfjordnytt på nett skal oppdaterast fleire gangar dagleg. Abonnentane får meir redaksjonell stoff på nett enn berre innhaldet i papirutgåva, som i dag kjem ein gong i veka, seier Maurstad.
Storfjordnytt blir gitt ut av Storfjord Bladlag i Valldal, eit aksjeselskap med 509 eigarar. Største einskildaksjonær er Sparebanken Møre med 4,08 prosent av aksjane.

Publisert: 18.06.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36