Loen Skylift vann rettsak
VIKTIG PÅ LENGRE SIKT: Momsfrådragstriden mellom Loen Skylift og skatteetaten sto i denne omgang om 735.145 kroner, men Richard Grov meiner det ville blitt mykje meir etterkvart, og gjekk til sak.
Nytt

Loen Skylift vann rettsak

Får momsfrådrag for turvegbygging.

18.02.2020
Loen Skylift saksøkte statene etter at skattestyresmakten ikke ville gi selskapet rett til momsfrådrag for utbyggingskostnadar for turvegbygging oppe på fjellet Hoven i Loen.
No har Sogn og Fjordane tingrett gitt Loen Skylift medhald,
Skattestyresmaktene meinte turvegnettet ikkje var ein integrert nok del av verksemda til selskapet, men retten konkluderte med at det er det - og dermed blir det momsfrådrag.
– Det kan vere direkte øydeleggjande for forretningsmodellen vår. Utgangspunktet var at utbygginga i fjellheimen skulle skje ved hjelp av midlar frå bana, sa dagleg leiar Richard Grov i Loen Skylift til NETT NO før rettsaka.
Striden sto i denne omgang om frådrag for inngåande meirverdiavgift på 735.145 kroner.
Grov sa det på sikt er langt meir som står på spel - og at denne summen kun dreiar seg om investeringane fram til oppstarten i 2017.
– Summane i dag er ikkje store, men dei vil bli større i åra som kjem. Om vi ikkje får medhald, vil det redusere kva vi kan investere av opplevingar i terrenget, og vere øydeleggjande for solid og god drift, sa Grov.

Publisert: 18.02.2020 12:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53