Litt svakare paa botnlinja
HAREID: Hadarøy, ei av dei nye Fjord1-ferjene som trafikkerer sambandet Hareid - Sulesund.
Nytt

Litt svakare på botnlinja

Framleis store overskot for ferjeselskapet som har ein kontraktsreserve for ferjedrifta på 22 milliardar kroner.

21.02.2019
Fjord1 hadde eit resultat før skatt på 121,5 millionar kroner i fjerde kvartal i fjor, ned frå 177,5 millionar kroner i same kvartal året før.
Omsetninga auka derimot gjennom tildeling av kontraktar.
Totalt var driftsinntektene i kvartalet på 772,1 millionar kroner, opp frå 692,9 millionar i fjerde kvartal 2017.
688 millionar korner av inntektene kom frå ferjedrifta. Resultatet før skatt var her 122 millionar kroner, mot 170 millionar i fjerde kvartal 2017.

Turisme-tap

Selskapet hadde i kvartalet eit resultat før skatt på minus sju millionar kroner på turismedelen.
Innanfor catering vart resultatet frø skatt pluss sju millionar kroner etter ei omsetning på 43 millionar.
Passasjersatsinga gav 27 millionar kroner i inntekter og eit resultat før skatt på tre millionar.

2519 millionar i gjeld

På årsbasis var bidraget frå tilknytta selskap og felles kontrollerte selskap 51 millionar kroner lavare enn året før.
Netto renteberande gjeld var ved utgangen av året på 2519 millionar kroner, opp frå 1344 millionar kroner ved utgangen av 2017.
Eigenkapitalen var på 2,3 milliardar kroner, og balansen 6,7 milliardar.
Selskapet har totalt 74 fartøy og tok i fjerde kvartal levering av Austrått, Vestrått, Hadarøy og Kommandøren.
Etter årsskiftet har ein tatt ytterlegare levering i ferja Suløy.
På årsbasis kom inntektene opp i 3102 millionar kroner, mot 2794 millionar året før.

Solid ordrereserve

Resultatet før skatt vart 674 millionar kroner, ned frå 715 milliiardar.
Kontraktsreserven for ferjedrifta er på 22 milliardar kroner, og varer fram til 2033.
Styret foreslår eit utbyte på 2,70 kroner aksjen for 2019, totalt 270 millionar kroner.

Publisert: 21.02.2019 11:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31