Litt optimisme fraa Kibsgaard Petersen
RIGG: Toppsjef Pål Kibsgård-Petersen i Schlumberger satsar 1,8 milliardar kroner i rigg.
Nytt

Litt optimisme frå Kibsgaard-Petersen

Ålesundaren Pål Kibsgaard-Petersen satsar 1,8 milliardar kroner i rigg, og er meir optimistisk enn på lenge.

29.03.2017
Kibsgaard-Petersen er toppsjef i den franske oljeservicegiganten Schlumberger med rundt 100.000 tilsette i 85 land.
No satsar Schlumberger 220 millionar dollar i Borr Drilling. Dette opplyser Finansavisen.

Riggkjøp

Borr Drilling-sjef Tor Olav Trøim seier til avisa at det er ei hyggjeleg tillitserklæring å få Schlumberger på eigarsida.
Ifølgje Finansavisen var Schlumberger største investoren under Borr Drilling sin emisjon, ein emisjon som kom som eit resultat av selskapet har skrive intensjonsavtale om å kjøpe 15 riggar frå Transocean.
Schlumberger eig etter emisjonen 20 prosent av Borr Drilling.

Treng meir olje

Måndag heldt Kibsgaard-Petersen eit foredrag på Scotia Howard Weil-konferansen i New Orleans. Der var ålesundaren meir optimistisk enn på lenge for oljeserviceindustrien.
Mellom anna viser fleire prognoser at behovet for meir hydrokarbon aukar, og Schlumberger legg til grunn at det trengst mellom 1 og 1,5 millionar fat meir olje frå 2017 og framover enn kva som er tilfellet i dag.
Sjølv om det berre er i Nord-Amerika at investeringsnivået har auka betydeleg i forhold til i 2016, meiner Kibsgaard-Petersen at det har bygt seg opp eit behov for nye investeringar også andre stader.

Tettare samarbeid

Han er oppteken av at ein held oppe trykket innanfor forsking og utvikling i heile verdikjeda innanfor olje og gass.
Han meiner også at det er eit behov for nye forretningsmodellar, mellom anna gjennom tettare samarbeid mellom operatørar og supplyindustrien.
Kibsgaard-Petersen overtok som toppsjef i Schlumberger i august 2011, og vert rekna som ein av verdas mektigaste industrileiarar.
Les heile foredraget

Publisert: 29.03.2017 08:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:07