Litt mindre klippfisksal
ELLINGSØYA: Mykje av klippfisken frå Jacob Bjørge på Ellingsøya vert send til Brasil.
Nytt

Litt mindre klippfisksal

Ellingsøy-bedrifta Jacob Bjørge omsette for 126 millionar kroner i fjor.

10.07.2019
Året før var omsetninga på 144,9 millionar kroner.
Resultatet før skatt enda i 2018 på 3,0 millionar kroner, ned frå 4,1 millionar i 2017.
Dette går fram av årsmeldinga til selskapet som har produsert klippfisk sidan 1937.
I dag er det rundt 20 tilsette i bedrifta, der mange er lokale.
Jacob Bjørge sel mykje av klippfisken til Brasil, men har siste åra slite med råstofftilgangen.
Under ein hadde på bedrifta i januar i år, opplyste dagleg leiar Jacob L- Bjørge Høyem at det er eit problem at mykje av fisken vert omsett utanfor auksjonssystemet.
I tillegg vert mykje fisk send rett til Kina for vidareforedling.
- Om vi skal bevare norske arbeidsplassar på land, må vi få vere med å by på fisken.
- Det minkar på den fisken som det er muleg for å oss å nå tak i, sa Bjørge Høyem, og fiskeriministeren lova å følgje opp.

Ellingsøy-selsakpet har god eigenkapital og ei langsiktig gjeld på 21,6 millionar kroner.
Eigarar er Jacob L. Bjørge Høyberg og Anders Helsem med 50 prosent kvar.
90 prosent av all norsk klippfisk vert eksportert frå Ålesund og Ellingsøya, det meste til Brasil og Portugal.

Publisert: 10.07.2019 08:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:37