Litt lysning Trekkjer permitteringsvarsel
GLAD: Adm. dir. Bjørn Idar Remøy i Bourbon Offshore trekte permitteringsvarselet til 25 tilsette på "Bourbon Rainbow". No ser han litt lysning i Nordsjøen.
Nytt

Litt lysning: Trekkjer permitteringsvarsel

Det vert likevel ikkje permittering for mannskapet på "Bourbon Rainbow". Skipet har fått oppdrag for Statoil, og er på veg sydover med kurs mot Bergen.

15.01.2015
- Ja, dette var gledeleg. Å gå ut med permitteringsvarsel var slett ikkje kjekt, seier adm. dir. Bjørn Idar Remøy i Herøy-baserte Bourbon Offshore.
Det var 6. januar at Bourbon Offshore offentleggjorde at selskapet hadde sendt permitteringsvarsel til alle dei 25 sjøfolka på "Bourbon Rainbow".
Les meir.

Første varsel

Selskapet har 22 skip, og det var første gong at selskapet gjekk til eit slikt steg etter at franske Bourbon overtok i 2003.
Bjørn Idar Remøy håpar at ein slepp liknande situasjonar.
- Vi hadde håp om at vi skulle sleppe å setje permitteringsvarselet ut i livet. No fekk vi dette spotoppdraget med Statoil, og så jobbar vi med meir langsiktige løysingar.

Lave PSV-rater

Han kan likevel ikkje garantere at det er slutt på permitteringsvarsel.
- Nei, ratene i spotmarknaden er framleis lave, det er overkapasitet av PSV-ar i marknaden, og det vert garantert eit ruskete farvatn framover.
- Men no fekk vi ein avtale som gjorde at vi heldt driftskostnadene, og sa dermed ja til avtalen.

Mange med oppdrag

Men det er ikkje berre "Bourbon Rainbow" av PSV-ar som har fått spotoppdrag siste dagane.
I Norge er det ingen tilgjengeleg PSV-båt, medan det ligg 15 i Aberdeen.
Når det gjeld ledige ankerhandterarar i Norge, er det no berre "Brage Viking" som er ledig for oppdrag, i følgje .
I Aberdeen ligg det åtte ankerhandetarar. For få dagar sidan var hamna i Aberdeen full med 20 ankerhandterarar og 18 PSV-skip.

Ratehopp for AHTS

Bjørn Idar Remøy seier at det siste dagane har vore teikn til auka rater for ankerhandterarane.
- Ja, ratene har gått litt opp, delvis på grunn av dårleg vêr.
- Vi er no spente på om dette berre er eit blaff, eller om dette er ein meir permanent rateauke.
For olje- og offshoreselskapa hjelper det også på at oljeprisen ser ut til å ha botna på rundt 57 US dollar fatet, og peikar no litt oppover igjen - i alle fall på kort sikt.
Ja, ratene har gått litt opp, delvis på grunn av dårleg vêr

Publisert: 15.01.2015 11:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:40