Leverte ny hybridelektrisk katamaran
ÅLESUND: Maritime Partner AS i Ålesund har overlevert den hybridelektriske katamaranen MS Bard. Her saman med søsterskipet MS Brim.
Nytt

Leverte ny hybridelektrisk katamaran

Brim Explorer tok i mot båt nummer to frå Maritime Partner. 

28.05.2020
Maritime Partner i Ålesund har overlevert den hybridelektriske katamaranen MS Bard til det nordnorske reiarlaget Brim Explorer.
Åtte månader etter at søsterskipet Brim blei levert, er Bard no overlevert reiarlaget.
Fartøyet er ein 24 meter lang og elleve meter brei katamaran som er spesialdesigna for opplevingar på havet med ein miljøvenleg profil, skriv Maritime Partner i ei pressemelding.

10 timar på batteri

Den hybridelektriske framdrifta på Bard skal gjere det mogleg å operere stillegåande på batteri i opptil 10 timar. I kombinasjon med dieselmotoren kan skipet oppnå ein fart på 22 knop.
Brim-konseptet er utarbeidd i samarbeid med den kjende industridesignaren Einar Hareide.

Skipet er kjenneteikna med store vindusflater og stort utandørs dekksareal.
Hoveddekk har ein salong med sitjeplass for 94 personar, og øvre salong 52.

- Spektakulær oppleving

Maritime Partner opplyser at takka vere det hybridelektriske framdriftssystemet er det ingen støy eller vibrasjonar som forstyrrar naturen.
Med undervannsdroner og hydrofonar som viser livet under havoverflata, blir opplevinga endå meir spektakulær, blir det opplyst.

Startar i Lofoten

Sjølv om planen er å bruke båten på Svalbard om sommaren, har covid-19 ført til at ein i sommar skal ha båten i Lofoten i påvente av eit oppsving i internasjonal turisme.
Bard er uansett det første fartøyet som er bygd etter den nye Svalbard-koden og ifølgje Maritime Paryner representerer eit langt steg framover i sikkerheit for operasjonar i slike omgivelsar.
Bard er bygt med resirkulert og resirkulerbar aluminium som gjer skipet lettare og mer energieffektivt.

Les også:



Publisert: 28.05.2020 13:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57