Lever godt paa skreddarsaum
RESULTAT: Nytt bra år for Stranda Stålindustri.
Nytt

Lever godt på skreddarsaum

Ved Stranda Stålindustri fiksar ein det meste, og satsar ikkje stort på serieproduksjon.

19.03.2019
- Nei, vi likar best å seie ja til det som kjem inn gjennom dørene, same kva det er, seier dagleg leiar Gunnar Berge.
Stranda-selskapet omsette i fjor for 26,2 millionar og hadde eit resultat før skatt på 3,6 millionar kroner.

- Godt fornøgde

Begge deler er litt svakare enn i 2017, som var eit rekordår.
- Vi er godt fornøgd med resultatet for 2018. Sjølv om vi ikkje ser så langt fram i tid, tippar eg at vi vil lande på om lag det same i år, seier Berge.
Bedrifta vart etablert i 1997 og vi er lokalisert i Svemorka Industriområde. Her disponerer selskapet rundt 1800 kvadratmeter moderne produksjonslokaler.
Totalt er det elleve tilsette.
- Vi har vore heldige. Her er det svært dyktige tilsette, og det er lite utskifting, seier Berge.

Ny heimeside

I fjor vart det også laga
- Vi har ikkje vore så flinke med annonsering og å marknadsføre oss sjølve, men vi fann ut at det var lurt at vi følgde litt med i tida også på dette feltet, seier Berge.
Naboen Optimar er ein stor kunde for Stranda Stålindustri, men det er også leveransar til andre lokale selskap som Norsk Sjømat og Orkla sin pizzafabrikk.
- Det meste av det vi produserer vert levert lokalt, seier Berge.

Populære bålpanner

Sjølv om mykje av produksjonen går til industrien, leverer selskapet også spesialprodukt som vinreolar og bålpanner.
- Vi har faktisk levert mange bålpanner, sjølv om vi aldri har marknadsført produktet, seier Berge.
Stranda Stålindustri er eigd 35 prosent kvar av Gunnar og Martin Berge, medan Bjørnar Engeset eig 30 prosent.
Eigarane kan no fordele eit utbyte på 700.000 kroner for fjoråret.
Vi har faktisk levert mange bålpanner, sjølv om vi aldri har marknadsført produktet

Publisert: 19.03.2019 05:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32