Legg nytt skip i opplag
OPPLAG: Sanco Spirit vert lagt i opplag på Molttustranda i Herøy.
Nytt

Legg nytt skip i opplag

Sanco-reiarlaget i Gjerdsvika legg seismikkskipet Sanco Spirit i opplag på Moltu.

01.12.2016
Skipet er no på veg frå Bergen til Moltu, der Sanco Spirit vert lagt i opplag saman med Sanco Sky frå same reiarlag.
Sanco Spirit har vore på oppdrag for PGS.

Langtidskontrakt

Sanco Spirit er eit 86,5 meter langt og 16 meter breidt seismikkskip levert frå Vaagland Båtbyggeri i 2009.
Kontraheringen skjedde på bakgrunn av ein langsiktig leigeavtale Sanco hadde med selskapet Reservoir Exploration Technology.
Deretter har det vore ei rekkje andre oppdrag for skipet, som er utrusta for 47 personar.
Sanco-direktør Ivar Slettevoll seier at skipet frå no av ha minimumsbemanning.

Fleire førespurnader

Han seier at det er ein elendig seismikkmarknad for tida, men håpar og trur at ein har nådd botnen.
- I dei siste vekene har vi sett at det er fleire førespurnader etter seismikkskip.
Gjerdsvik-reiarlaget har sju skip fordelt på reine seismikkskip og støttefartøy for seismikk.
I slutten av 2015 vart støttefartøyet Saanco Sky lagt i opplag på Moltu, og i august la PGS seismikkskipet Sanco Sword i kaldt opplag. For dette skipet har Sanco ein langsiktig leigeavtale.
I dei siste vekene har vi sett at det er fleire førespurnader etter seismikkskip

Publisert: 01.12.2016 15:40

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:04