Legg ned men vurderer ny etablering
OPPHØYRSAL: Etter fire års drift er det slutt for Frantzen-familien i Vågsøy si satsing på møbelbutikk i Stryn, i alle fall i denne omgang. Til venstre Per Gunnar Frantzen, til høgre Torill Frantzen. I midten butikkmedarbeidar Clara Karete Sæbø.
Nytt

Legg ned, men vurderer ny etablering

Frå årskiftet er det slutt for Fagmøbler-butikken i Stryn. Eigarane vil framover vurderer om det er grunnlag for ei ny satsing i Stryn, og bur seg også på å bygge ut kjøpesenter for 30 millionar i Vågsøy.

16.11.2018
- Vi klarer ikkje å oppnå nok omsetning til å dekke kostnadane våre, seier Per Gunnar Frantzen i familieselskapet Gangsø Holding om nedlegginga i Stryn.
Frantzenfamilien har drive butikken i Stryn i sidan starten av 2015 og har sysselsett 2,5-tre årsverk i butikken. Denne veka opna dei opphørssal, og til nyttår skal lokalet vere tomt.

Nye planar

Under Gangsø Holding-paraplyen ligg og eit eigedomselskap som mellom anna eig kjøpesenteret i Deknepollen i Vågsøy, der familien også driv møbelhandel.
Møbelbutikken i Vågsøy har vekst og gode resultat, og Per Gunnar Frantzen vil ikkje legge møbelsatsing i Stryn død for evig sjølv om dagens butikk blir lagt ned.
- Vi vil fortløpande vurdere marknaden i Stryn for om mogleg å få til ein ny butikk . Dette vil ta litt tid da vi er avhengig av å finne eit lønsamt konsept, seier han.

Ny type butikk

Om det blir ny satsing i Stryn blir det så fall i ein anna type butikk enn i dag, på eit større areal og med eit vareutval som også omfattar andre varegrupper enn ein tradisjonell møbelbutikk, i følgje Frantzen.
I dagens butikk er han leigetakar. Blir det ny satsing kan det bli i eit eige bygg.
- Vi har det til vurdering, for vi driv og med eigedom, seier Frantzen.

Auke med 100 millionar kroner

Gjennom P.G. Frantzen Eiendom eig Gangsø Holding kjøpesenter med åtte butikkar (medrekna møbelbutikken) i Deknepollen.
Dagens areal i senteret er 7200 kvadratmeter. I løpet av mars neste år håpar Frantzen på å har fått kommunal godkjenning for å bygge ytterlegare 1440 kvadratmeter.
Nybygget er allereie fullt utleigd, og Frantzen anslår at utbygginga til cirka 30 millionar kroner vil auke driftsinntektene i senteret i Deknepollen frå cirka 150 til cirka 250 millionar kroner.
Frantzen vil førebels ikkje offentleggjere kven som vil flytte inn i dei nye lokala, men seier det handlar om få, men store butikkar.

Publisert: 16.11.2018 16:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:28