Legg ned Oslo rute til og fraa Hovden
VIKTIG FOR NÆRINGSLIVET: Flyplassjef Svein-Arne Vik seier ruta frå Oslo til Ørsta om formiddagen er viktig for næringslivet. 
Nytt

Legg ned Oslo-rute til og frå Hovden

Ein av dei viktigaste Widerøe-avgangane for næringslivet, forsvinn frå Hovden-flyplassen.

Marius Rosbach
17.02.2020
Måndag stadfesta flyselskapet Widerøe at dei legg ned ei av dei daglege rutene mellom Oslo og Ørsta Volda lufthamn Hovden. Det er ruta frå Oslo klokka åtte med avgang tilbake til hovudstaden klokka 9.25 som forsvinn.
I alt kuttar flyselskapet 4000 avgangar frå den kommersielle delen av kortbanenettet frå 4. mai, opplyser selskapet i ei måndag.
Flyplassjef Svein-Arne Vik ved flyplassen fortel at dei lokale Avinor-sjefane ikkje skal uttale seg om avgjerda, men stadfestar at ruta har vore populær mellom jobbreisande.
– Dette er ei rute som næringslivet har nytta seg mykje av. Tidleg-flyet klokka 6.20 er gjerne fullt og då har 9.25-avgangen vore eit godt alternativ, fortel han til NETT NO.

Får ikkje lengre støtte

Avgangen kan kome tilbake til flyplassen ved at den kjem innunder ordninga med sokalla fot-ruter – også kalla anbodstrafikk.
Det er ruter som staten betalar for å drift rute som ikkje er rekna som lønnsame. Den aktuelle flyginga Oslo-Hovde om føremiddagen, var i denne ordninga tidlegare.
Hovden har også to daglege avgangar via Bergen og Sogndal, som er sokalla fot-ruter.

Kontakt med departementet

Nyleg har Utviklingsforum Ørsta/Volda lufthamn Hovden teke kontakt med samferdselsdepartementet for å be dei sjå på moglegheitene for å endre på dette.
Vik støttar dei i denne kampen, men påpeiker at dei først og fremst skal vere ein retteleggar for dei som vil fly.

Trafikktala 2019:


Rår at avgangane blir anbods-ruter

Administrerande direktør Stein Nilsen i Widerøe seier at selskapet er i ein fortvila situasjon, og at dei med dette kuttar heilt nødvendig transport i Distrikts-Noreg.
– Vi veit at resultatet av desse kutta blir ein transportstandard i ei rekkje distriktskommunar som ikkje er i nærleiken av å dekkje reisebehovet. Likevel har vi ingen val, seier han.
Årsaka til kutta er auka avgifter over fleire år, ei kraftig svekking av den norske krona og at den generelle marknadsutviklinga i Noreg har ført med store utfordringar for lønnsemda, opplyser selskapet.
– Vi har hatt dialog med Samferdselsdepartementet, og tilrådinga vår er at fleire av desse ruteområda blir tatt inn som anbod, seier Nilsen.

Les også:


Publisert: 17.02.2020 12:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53