Lave magasin men trur ikkje paa vidare prisauke
MAGASIN: Zakariasdammen i Tafjord.
Nytt

Lave magasin - men trur ikkje på vidare prisauke

Sjølv om magasinfyllinga er lav i Norge, kan billeg straum frå Sverige og kolkraft frå EU halde prisane nede.

19.08.2018
- Forbindelsen vår mot Sverige er veldig viktig, og vil vere ekstra viktig i vinter. På vindfulle dagar i Sverige vil vi kunne ta inn mykje rimeleg kraft, men Sverige er også påvirka av den hydrologiske situasjonen som har vore.
Dei seier senior krafthandlar Martin Julius Emblem i Tafjord.
Han viser til at i prisområde 3 (NO3) i Midt-Norge, er situasjonen at magasina er på 64,8 % mot normalt 85,4 %.
- For juli månad var fyllingsgraden på minimumsnivå for perioden, og vi såg at magasina utvikla seg flatt i forhold til at dei i juli månad vanlegvis stig kraftig grunna mykje snøsmelting, seier Emblem og viser til at snøsmeltinga starta veldig tidlig i år.
- I mai var fyllinga over normalt i magasina i NO3, seier han.

Historisk høge prisar

Den låge fyllingsgraden har ført til at straumprisane har gått til vêrs. I juni i år var prisen på straum over 30 prosent høgare enn i fjor på same tid, noko Statistisk sentralbyrå (SSB) omtalte som historisk høgt.
Ifylgje byrået hadde det ikkje vore høgare straumprisar sidan 2011.
Emblem seier at det må mykje meir nedbør enn normalt utover hausten for å kome tilbake til normalsituasjonen.
-.Det vert også interessant å sjå når snølegginga startar, for legg det seg til som snø, hjelper det ikkje på straumprisen i vinter om det blir liggjande meir enn normalt med snø.
- Det kjem då først til nytte til våren igjen.

Verre i nord

Emblem seier at det er ein verre situasjon nord for oss.
- I NO4 ligg ein no på 50,8 % fyllingsgrad, mot normalt 80,5 %.
- Vi importerer vanlegvis gjennom vinteren mykje kraft frå NO4, men vi kan ikkje rekne med full import frå den kanten gjennom heile vinteren.
Også sør for oss ligg magasinfyllinga under normalen, men ikkje så mykje som lenger nord.
- Import gjennom den nye kraftlinja frå sør vil kunne vere med på å dempe pristoppane til vinteren, seier Emblem.

Stabil pris

Ettersom Norge er med i ein felles nordisk marknad som er tett knytta til den europeiske kraftmarknaden, vil straumprisen også verte påverka av prisen på kolkraft, men også her er prisane unormalt høge.
- Nivået ser ser ut til å liggje høgt gjennom vinteren også, seier Emblem.
Han opplyser at i dag ligg prisnivået på kraft omtrent på same nivå som ein forventar at prisen vil liggje på i siste kvartal 2018, og første kvartal 2019.

Ikkje så ille

peikar på at det framleis er mykje vatn lagra i magasina.
– Ved normale nedbørsmengder har Noreg eit kraftoverskot på rundt 5 TWh. Det betyr at vi kan ha ein fyllingsgrad lågare enn normalt, men likevel vera i balanse, heiter det.
Også NVE minner også på at Noreg kan importera straum via Sverige, Danmark og Nederland dersom det er behov for det.
Investeringane i auka nettkapasitet blir også trekt fram som ei motvekt for å hindra vanskelege energisituasjonar. Men tilgangen på straum kan samtidig kosta dyrt.

Fryktar høgare pris

Analysesjef Tor Reier Lilleholt i Wattsight trur derimot at straumprisen bli endå høgare om ikkje nedbørsbiletet endrar seg dei kommande månadene.
I verste scenario kan hushalda få ein prisauke på totalt 5.000 kroner i haust, ifølgje analysesjef Tor Reier Lilleholt i Wattsight.
– Vi er veldig avhengige av at vi får normale mengder nedbør i haust. Viss ikkje, er det fare for at straumprisane kan bli veldig høge, seier han til NTB.
– Eg fryktar også for 2019 ettersom det ofte er forseinkingar i kraftleveransen. Snøen som kjem i haust, bør smelte og kunne vere ein kraftressurs til våren 2019. Då er det viktig at det kjem rikeleg med snø, legg han til.
Etter eit produksjonsnivå i 2017 som Lilleholt omtaler som "komfortabelt", har produksjonsnivået falle med 3,5 milliardar kilowattimar i andre kvartal i år, samanlikna med i fjor. Det hadde likevel vore etterpåklokskap å spare vatn allereie i 2017, meiner analysesjefen.
– Produsentane må jobbe etter prinsippet om optimalisering av råvarer, og slik forholda var ved utgangen av 2017, var det riktig med eit slikt produksjonsnivå, seier Lilleholt.
Import gjennom den nye kraftlinja frå sør vil kunne vere med på å dempe pristoppane til vinteren

Publisert: 19.08.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25