Lanserer vaskebaat for oppdrett
OPPDRETT: Westplast byggjer spesialbåt for reingjering av oppdrettsnøter. Med denne båten kan alle operasjonar gjerast av ein mann.
Nytt

Lanserer vaskebåt for oppdrett

Westplast er verdsleiande på arbeidsbåtar i seismikk. No er selskapet også på veg inn i oppdrett.

14.09.2017
- Vi får sjå kor stort dette vert. Vi gjer i alle fall no eit forsøk på å kome inn i denne marknaden, seier dagleg leiar Hallgeir Skorpen.
Selkapet på Leinøya er i ferd med å gjere ferdig ein 9,60 meter lang spesialbåt for reingjering av oppdrettsnøter.

Ein mann gjer alt

Her vert alt samla om bord, slik at spyleoperasjonane kan gjerast av ein mann, medan mange oppdrettsselskap i dag brukar større båtar med tre-fire mann.
- Vi ser no kor liten og effektiv vi kan gjere ein slik spesialbåt. Det viktige er at vaskerobot, slangar, kran og alt anna utstyr vert montert fast i båten, og ikkje i ein kontainer som står på dekket til ein større båt.
Det er selskapet MPI på Ski som skal ha den første båten.
- Dette selskapet er store på vasking av oppdrettsnøter, men vi ser ikkje for oss at denne første båten skal brukast i Norge, seier Skorpen.
Herøy-selskapet er verdsleiande på bygging av arbeidsbåtar til seismikk, og bygde eitt år over 20 båtar.

Kurs-suksess

Men så sa seismikkmarknaden stopp, og selskapet gjekk meir over til reparasjon og vedlikehald av fritidsbåtar.
- Dette skal vi halde fram med, og vi har no tilsette eigne folk til dette, seier Skorpen.
I tillegg har selskapet bygt opp eiga kursavdeling for trening av seismikk-mannskap.
- Dette har vore ein stor suksess. Dei flste store seismikkselskapa brukar no oss, seier Skorpen.

Auka aktivitet

Fleire seismikk-selskap har også lagt båtar i opplag ved bedrifta, i påvente av betre tider.
Skorpen seier at det no er teikn på betre aktivitet innan seismikk.
- Ja, til neste år kan det verte ein god del arbeid innan seismikk.
- Fleire har i alle fall sagt at vi bør vere klare.

Kina-båtar

Men det har uansett ikkje vore heilt stilt på nybyggingfronten i år.
- Vi leverte nyleg to nye båtar til eit seismikkselskap i Shanghai.
- Dette var den første leveransen til eit kinesisk selskap, seier Skorpen.

Tilbake for fullt

Han starta sjølv opp Westplast i 1986, medan Skorpen-familien heilt sidan 1950-talet har vore involvert i bygging av båtar i glasfiber.
Hallgeir Skorpen pensjonerte seg eigentleg for to år sidan, i alle fall delvis, men er no tilbake for fullt.
- Ja, det var ikkje planen at det skulle vere slik, men det er også kjekt å halde på.

Anten for lite eller for mykje

Han synst likevel at det no er litt for høg aktivitet, blant anna med rundt 15 fritidsbåtar som ventar på å verte ferdige med service og reparasjonar.
- Det er ikkje noko som heiter å ha passeleg med arbeid.
- Anten er det for lite, eller så er det for mykje. Akkurat no er det det siste, men alternativet er uansett verre.
Westplast har ti fast tilsette, i tillegg til ein del innleigd arbeidskraft.

Betre utsikter

Etter fleire gode år, gjekk selskapet på ein liten smell i 2015.
I fjor vart det igjen plusstal.
- I år ser det slett ikkje så verst ut, seier Skorpen.
Han er eineeigar i Westplast gjennom sitt eige selskap Fluda Eiendom.
Det er ikkje noko som heiter å ha passeleg med arbeid. Anten er det for lite, eller så er det for mykje

Publisert: 14.09.2017 06:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:13