Lanserer utsleppsfritt kystfraktbaat
PILOTPROSJEKT: Vard er leiar for eit pilotprosjekt for utvikling av ein ny type bulkskip der målet mellom anna er automatisert lasting og lossing og utsleppsfri drift. 
Nytt

Lanserer utsleppsfritt kystfraktbåt

Ein nyutvikla fraktbåt for kystrafikk frå Vard er eitt av alternativa for utsleppsfri skipstrafikk som statsråd Sveinung Rotevatn skal vise fram komande fredag.

29.06.2020
Felleskjøpet Agri og Heidelbergcement har gått saman for å leige eit utsleppsfritt bulkskip til bruk langs norskekysten.
Ein kandidat til leigekontrakten er eit bulkskip Vard har utvikla som ein del av «Grønt skipsfartsprogram». Ifølgje ei pressemelding skal skipet ikkje gå berre på batteri, på grunn av avstandane, men likevel vere utsleppsfritt.

Målet for programmet er å få flytta meir trafikk over på sjø og til utsleppsfrie skip.
HeidelbergCement og Felleskjøpet Agri er leiarar for eitt pilotprosjekt som for å finne ut korleis dei kan kombinere sine logistikkbehov mellom Oslofjorden og Vestlandet. Vard er ein av deltakarane i det prosjektet
Samstundes er Vard leiar for eit pilotprosjekt for å utvikle ein ny generasjon bulkskip for kysttrafikken. Målet er mellom anna å automatisere lasting og lossing og kunne drive skipa utan utslepp.

Les også:




Publisert: 29.06.2020 11:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59