Lanserer kalsiumtilskot i nytt salsselskap
HOFSETH: Roger Hofseth og Hofseth Biocare lanserer kalsiumtilskot og startar nytt salsselskap. Her er Hofseth (t.v.) i samtale med sjømatanalytikar Tore Tønseth i Sparebank 1 Markets.
Nytt

Lanserer kalsiumtilskot i nytt salsselskap

Hofseth Biocare har oppretta det Ålesund-baserte sals- og marknadsføringsselskapet Nøre Nutrition. 

10.12.2018
I januar neste år skal selskapet starte salet av sitt første produkt, som er eit kalsiumtilskot laga av laksebein.
I frå selskapet blir det opplyst at Nøre Nutrition skal fokusere både på direktesal til kundar i tillegg til marknadsføring gjennom sosiale media.

Internasjonal studie

Samstundes opplyser selskapet at ein ny studie som er publisert i Journal of Nutrition & Food Sciencec viser at tilskot frå fiskebein forbetrar den generelle helsa i tillegg til å styrke knoklane.
Det blir vist til at det er snakk om eit reint biologisk kalsium som er identisk med kroppens eigne byggjesteinar - utan å ha negative effekter på hjarte eller kar.
I produktet blir det tilsett vitamin D3, som skal hjelpe kroppen til å ta til seg kalsium.

Publisert: 10.12.2018 14:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:29