Lannerholm stoppa av viltgjerde
TRØBBEL: Bygging av viltgjerde langs ny E6-trasé ved Kvam i Gudbrandsdalen enda med skifteretten for Ø-Bu as. Oppdraget blei vesentleg meir omfattande enn selskapet så for seg. Her er frå anleggsperioden i 2015. Den nye traseen vart offisielt opna i desember i fjor. 
Nytt

Lannerholm stoppa av viltgjerde

Eit viltgjerde i Gudbrandsdalen blei slutten for eit bygge- og anleggsfirma i Ørsta.

24.03.2017
Ø-Bu as er konkurs. Selskapet hadde i fjor rundt 25 tilsette og blei begjært konkurs av Skatt Midt-Norge på grunn ubetalt moms og arbeidsgivaravgift på i overkant av ein million kroner.
- Det skuldast eine og åleine ei kontrakt, sa dagleg leiar, styreleiar og eigar Jan Peter Lannerholm i si forklaring om den økonomiske situasjonen for selskapet, i skifteretten i Volda i går ettermiddag.
Fram til tidleg i fjor haust såg det svært bra ut for selskapet, mens så starta problema, i følgje Lannerholm.

20 kilometer gjerde

Bygginga av 20 kilometer viltgjerde langs den nye E6-traseen i Gudbrandsdalen er det største oppdraget Ø-Bu har hatt sa Lannerholm i retten. Han var likevel ikkje uroa over kontrakten før start.
- Den var grei, den var realistisk, den var innanfor vårt erfaringsområde, sa Lannerholm.
Ø-Bu gjorde jobben som underleverandør for entreprenørselskapet K.A. Aurstad i Ørsta, som bygde ein del av den nye E6-traseen på oppdrag for Statens Vegvesen.

K.A. Aurstad vann i 2013 kontrakten saman med sveitsiskeigde Implenia Norge AS som er spesialist på brukonstruksjonar.

Dyrare enn venta

9000 stolpar måtte kjøpast inn for å få bygd gjerdet.
I følgje Lannerholm var det berekna at 2500 skulle plasserast i fjell og 6000 av dei plasserast i jord. Fjell krev boring, jord stamping.
Fasiten blei mellom anna at berre 100 stolpar blei plasserte i fjell og 4500 i ein grunn som kravde både boring og stamping. I tillegg gjorde trasevalet for gjerdet oppsettinga meir arbeidskrevjande enn Ø-Bu hadde sett for seg.
Gjerdebygginga blei eit tapsprosjekt, sa Lannerholm i retten. Han talfesta ikkje kor stor tapet blei.
Selskapet måtte mellom anna leige inn ekstra folk for å få arbeidet unna.

Ekstrarekning

Ekstraarbeidet gjorde at Ø-Bu sende ei rekning på ekstraarbeid på 2,8 millionar kroner i K.A. Aurstad, som i sin tur har sendt kravet vidare til Statens Vegvesen, som etter kontrakten behandlar slike krav etter at heile prosjektet er ferdig. Anlegget sto ferdig i desember i fjor.
I følgje K.A. Aurstad er kravet avklart både hos dei og hos Statens Vegvesen. Det avklarte beløpet er betalt tidlegare denne veka.
Lannerholm hadde håpa på meir tid frå Skatt Midt-Norge til å finne ei løysing, men etter at Nordea denne veka sa opp engasjementet blei det urealistisk å unngå konkurs. Selskapet hadde ein kassakreditt på nesten to millionar kroner.
- No er det dødfødt, sa Lannerholm.
Det sist tilgjenglege reknskapet for Ø-Bu as er frå 2015. Då hadde selskapet 24,5 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 0,1 million kroner.
Fram til 27. februar i år heitte selskapet Øvstegård Bygg og Utemiljø.

Publisert: 24.03.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:07