Langt fleire maa gaa fraa Kleven
STILLE: Beddingen er tom og det har truleg ikkje vore mindre aktivitet ved Kleven verft i moderne tid, enn i desse dagar. Lengst vekke ligg hurtigruteskipet som skal leverast før jul. 
Nytt

Langt fleire må gå frå Kleven

Kleven må redusere bemanninga med betydeleg fleire enn tidlegare kjent. Om kort tid legg verftet truleg fram ein plan for vidare drift.

Marius Rosbach
11.09.2019
I sommar blei det kjent at Kleven jobbar med ei for ein kjøpar og sikre drifta framover. Det har heile tida vore klart at det ville bli oppseiingar, men kor mange det gjeld har vore ukjend.
NETT NO kjenner til at verftet har eit mål om å vere nede i kring 150 tilsette etter nedbemanning tidleg i 2020, og at prosessen vil skje både ved naturleg avgang og oppseiingar.
I juli blei det antyda at opptil 20 tilsette kunne miste jobbane sine. Etter det NETT NO kjenner til, vil talet vil bli betydeleg høgare og truleg kring det tredoble.
Kjetil Bollestad som kom inn som administrerande direktør i sommar, vil ikkje stadfeste talet til NETT NO onsdag.

– Veldig spennande

I lengre tid har Kleven-leiinga jobba med å få på plass alle detaljane i det krevjande puslespelet som skal sikre verftet framover.

– Jobben med restruktureringa går for fullt. Vi jobbar saman med bankar og Hurtigruten, for å finne ei løysing vi kan leve med etter at det siste hurtigruteskipet er levert, seier Bollestad til NETT NO.
Det er kjent at Hurtigruten ønskjer å selje verftet, og det har vore spekulert i fleire aktuelle kjøparar utan det noko konkret er gjort offentleg.
Verftsdirektøren håpar ei løysing for restrukturering av verftet er på plass i løpet av kort tid. Etter det NETT NO forstår vil rekneskapen for fjoråret også vere klart då.

Les også:




Fleire allereie oppsagd

Kleven har hatt mykje folk i arbeid gjennom store delar av nedturen som trefte verftsnæringa då oljeprisen fall. Men det siste året har talet på tilsette gått kraftig ned.
For ikkje lenge sidan var talet på tilsette på verftet kring 300, medan det i starten av juli blei opplyst at talet var 240.
– Vi er nokre færre enn det no, seier Bollestad, utan å ville talfeste det nøyaktig no: – Vi har hatt nokre naturlege avgangar, nokre har sagt opp sjølv, og eit fåtal er allereie blitt oppsagde, seier han.
I tillegg har det vore folk frå fleire andre selskapet i arbeid ved verftet.

– Kan endre seg raskt

Det har knapt vore mindre aktivitet i moderne tid ved verftet, enn i dag. Bortsett frå MS Fridtjof Nansen som skal leverast i løpet av året, er det tomt på beddingen.
Kleven-sjefen fortel at dei har nokre oppdrag i porteføljen dei no jobbar med, utan at han no kan gå inn på kva for arbeid det er snakk om.
Han påpeiker også at talet på kor mange arbeidarar dei har behov for, kan endre seg.
– Situasjonen kan endre seg raskt om vi får meir arbeid, men vi må i hovudsak minimere risikoen for 2020, seier Bollestad.
Tidlegare er det opplyst at verftet ville forsøke seg i marknaden med ombyggingar og stålarbeid, og at nybygg var lite aktuelt i første omgang. Ei av årsakene til dette, er at nybygg krevjar meir kapital.
Eit oppdrag som kan gi arbeid for Kleven er den store . Selskapet har ikkje avgjort kven som skal gjere dette, men har tidligere opplyst til NETT NO at dei forhandlar med fleire verft.

Les også:



Situasjonen kan endre seg raskt om vi får meir arbeid, men vi må i hovudsak minimere risikoen for 2020

Publisert: 11.09.2019 13:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:39