Langset Kan bygge ferdig begge baatane
KAN FULLFØRE: Ombygginga av fiskebåten Nordbas og bygginga av forsyningsskipet ved Kleven kan fullførast utan at dei tidlegare tilsette i Kleven Verft er med på jobben, seier konsernsjef Leif Magne Langset (biletet) i Langset-konsernet.
Nytt

Langset: - Kan bygge ferdig begge båtane

Langset-konsernet kan bygge ferdig både fiskebåten og forsyningsskipet som Kleven Verft skulle levere.

13.07.2020

- Vi har både kapasitet og moglegheit til det, seier konsernsjef Leif Magne Langset på spørsmål om Langset-konsernet kan fullføre bygging og ombygging av forsyningsskipet og fiskebåten på eiga hand, utan at dei som var tilsett hos Kleven Verft må vere med på jobben.

Før helga tok Langset-konsernet i Molde over bemanningselskapet til Kleven, Kleven Maritime Contracting, og sikra dei 225 tilsette der vidare arbeid.

Les også: Langset tar over Kleven-ansatte

Konsernet femner om å vere eit reint bemanningselskap, til å drive ingeniør- og monteringsarbeid og til å drive industriproduksjon og mekanisk verksted. Med dei tilsette i Kleven Maritime Contracting har konsernet over 1000 tilsette.

Vidare drift er målet
Då Bjørn Hamre tok til som bustyrar sa han at det var viktig å sikre at bygginga av dei to båtane ved Kleven gjekk vidare, mellom anna fordi det ville det gjere det lettare å få inn nye eigarar.

Hamre arbeidde gjennom helga med å finne ei løysing som inneber at Kleven Verft får nye eigarar etter konkursen, og karakteriserte oppgåva som "krevande" i ein samtale med NETT NO sist fredag.

I helga arbeidde han frå Bergen, i dag kom Hamre attende til verftet for arbeid vidare der.

Vil ikkje overta
Langset seier Langsten-konsernet "i utgangspunktet ikkje" vil overta sjølve verftet. Han vil ikkje kommentere om selskapet eventuelt er i samtalar med andre om å vere ein del av eit samarbeid der fleire aktørar går saman om å ta over.

Tidlegare i dag skreiv NETT NO at selskapet Green Yards har vist interesse for Kleven-buet.

Les meir:Ny norsk aktør luktar på Kleven

- Ingen kommentar, sa bustyrar Bjørn Hamre til NETT NO i formiddag på spørsmål om buet var i diskusjonar med Green Yards.


Publisert: 13.07.2020 19:32

Sist oppdatert: 17.03.2023 19:00

Mer om