- Det har livna litt til igjen, men det er ingen som veit om det vi ser berre er eit blaff. Vi håper og trur at botnen er bak oss, seier adm. dir. Ove Henriksen ved Ulmatec Baro.
Henriksen legg ikkje skjul på at bølgjedalen blei djupare enn det han trudde for eit år sidan..
Prognosane til Nordea seier 29 båtar i arbeid i2017, men signala frå selskapa kan tyde på at auken kan bli noko større enn det.
Talet på båtar i drift er høgare no enn det var i vinter, og dei som produserer utstyr til den seismiske flåten merkar òg ein oppgang i forespørslane.
- For tida har vi ein god del tilbod å rekne på, fortel Henriksen i spissen for marknadsleiaren på produksjon av seismisk slepeutstyr med alle dei store selskapa som kundar.
Båt nummer fire frå Japan skulle òg ha vore levert, men som det meste av nybygg innafor seismikk er båten forseinka. Planane no går ut på at nybygget ikkje skal i drift før på slutten av første kvartal 2017.
- Leveransen frå oss var ferdig for fleire månader sidan, men forseinkinga gjer at det enda ikkje er skipa, seier Henriksen.
Det Henriksen har mest tru på kan resultere i konkrete oppdrag på kort sikt, er forespørslane som er komne frå Russland og Kina. Særleg trur han russarane sine planar om eiga satsing i Barentshavet kan gi positive resultat.
- Noko vi også håper på, er at fleire av dei gamle seismikkbåtane skal bli hogde, seier han.
- Vi har å gjere til ut i oktober, men ikkje nok til å at det gir arbeid til alle, seier han.
- Men vi deppar ikkje om det går litt tregt akkurat no. Leitinga etter olje er det fyrste som blir råka når oljeprisen går ned, men er også først til å skyte fart etter at det snur. Slik vi ser det er det berre eit spørsmål om tid før det livnar til igjen, seier konsernsjef Knut Berge i Mørenot.
Etter å ha selt tau, jarnvarer og diverse anna utstyr til seismikk heilt frå dei første båtane begynte å drage meir enn ein kabel, kom Mørenot Offshore i fjor på bana med ein nyutvikla deflektor som alternativ til Ulmatec Baro sine velkjende produkt.
- Så langt har vi fått berre positive tilbakemeldingar på teknologien. Dette gir oss god tru på framtida til det nye produktet, men i dagens situasjon må vi berre smøre oss med tolmodigheit og vente på betre tider, seier Berge.
Berge fortel at det blir rekna på tilbod, så alt er ikkje svart.
- Akkurat no har vi mykje å halde på med, men hausten veit vi lite om, seier han.
Henriksen legg ikkje skjul på at bølgjedalen blei djupare enn det han trudde for eit år sidan..
Under det halve
Ifølgje Nordea sitt aktivitetsbarometer skal dei fire store seismikkselskapa i år ha 28 båtar i arbeid verda over. Til samanlikning talde seismikkflåten over 60 båtar då aktiviteten var på topp i 2012, noko som betyr at flåten er meir enn halvert i løpet av dei fire siste åra.Prognosane til Nordea seier 29 båtar i arbeid i2017, men signala frå selskapa kan tyde på at auken kan bli noko større enn det.
Tar ut båtar
Geco har allereie begynt å ta ut igjen båtar frå opplag. PGS tok nyleg ut ein båt, og signala frå CGG fortel at også dei har planar om det same.Talet på båtar i drift er høgare no enn det var i vinter, og dei som produserer utstyr til den seismiske flåten merkar òg ein oppgang i forespørslane.
- For tida har vi ein god del tilbod å rekne på, fortel Henriksen i spissen for marknadsleiaren på produksjon av seismisk slepeutstyr med alle dei store selskapa som kundar.
Store forseinkingar
Det gjeld ikkje minst PGS, som tidlegare i år tok ut den tredje båten i den nye Ramform-generasjonen med utstyr frå Ulmatec Baro.Båt nummer fire frå Japan skulle òg ha vore levert, men som det meste av nybygg innafor seismikk er båten forseinka. Planane no går ut på at nybygget ikkje skal i drift før på slutten av første kvartal 2017.
- Leveransen frå oss var ferdig for fleire månader sidan, men forseinkinga gjer at det enda ikkje er skipa, seier Henriksen.
Det Henriksen har mest tru på kan resultere i konkrete oppdrag på kort sikt, er forespørslane som er komne frå Russland og Kina. Særleg trur han russarane sine planar om eiga satsing i Barentshavet kan gi positive resultat.
- Noko vi også håper på, er at fleire av dei gamle seismikkbåtane skal bli hogde, seier han.
Ikkje arbeid til alle
Framleis går nokre av Ulmatec Baro sine rundt 35 tilsette utan arbeid etter at samtlege fekk permitteringsvarsel i desember i fjor. Henriksen fortel at talet på folk i arbeid har svinga litt frå veke til veke, og det vil det også gjere framover.- Vi har å gjere til ut i oktober, men ikkje nok til å at det gir arbeid til alle, seier han.
Marknaden kjem tilbake
Også ved Mørenot sin offshoredivisjon merkar dei godt den kraftige nedgiringa innafor seismisk leiteaktivitet.- Men vi deppar ikkje om det går litt tregt akkurat no. Leitinga etter olje er det fyrste som blir råka når oljeprisen går ned, men er også først til å skyte fart etter at det snur. Slik vi ser det er det berre eit spørsmål om tid før det livnar til igjen, seier konsernsjef Knut Berge i Mørenot.
Etter å ha selt tau, jarnvarer og diverse anna utstyr til seismikk heilt frå dei første båtane begynte å drage meir enn ein kabel, kom Mørenot Offshore i fjor på bana med ein nyutvikla deflektor som alternativ til Ulmatec Baro sine velkjende produkt.
Reknar på tilbod
I ein tøff marknad oppnådde bedrifta kontraktar på til saman 25-30 millionar kroner etter at tre ulike selskap bestemte seg for å prøve den nye deflektoren. Deretter har det vore stille.- Så langt har vi fått berre positive tilbakemeldingar på teknologien. Dette gir oss god tru på framtida til det nye produktet, men i dagens situasjon må vi berre smøre oss med tolmodigheit og vente på betre tider, seier Berge.
Berge fortel at det blir rekna på tilbod, så alt er ikkje svart.
- Akkurat no har vi mykje å halde på med, men hausten veit vi lite om, seier han.
Vi har å gjere til ut i oktober, men ikkje nok til å at det gir arbeid til alle
Publisert: 17.06.2016 11:45
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:57





