Landa ny kontrakt med Torghatten
STOR AVTALE: Avtalen med Torghatten er betydningsfull for Westing som held til i Fosnavåg. 
Nytt

Landa ny kontrakt med Torghatten

Herøy-selskap skal levere måling og anna utstyr til meir enn 100 fartøy i flåten til transportkjempen.

Marius Rosbach
18.10.2019
Westing i Fosnavåg har fått forlenga ein avtale med transportkjempen Torghatten i fem nye år.
Avtalen omfattar mellom anna levering av måling, kjemikaliar, utstyr for overflatebehandling og tekniske tenester til alle fartøya i konsernet sine dotterselskap, opplyser selskapet i ei pressemelding fredag.
Til saman omfattar avtalen levering til fleire enn 100 fartøy i flåten til reiarlaget. I tillegg til å levere når konsernet sine båtar skal inn for vedlikehald, dokking og ombyggingar, gjeld avtalen for nybygg.
– Vi har nytta Westing som leverandør sidan januar 2014 og vi svært godt nøgde, uttalar innkjøpssjef Øyvind Grøttheim i Torghatten.

Les også:


Miljø, sikkerheit og økonomi er avgjerande for val av målingssystem. Ved fleire dokkingar og nybygg har Torghatten nytta eit botnstoff som ikkje inneheld giftstoff.
– Intersleek 1100SR er ein vinnar både med hensyn til ytelse og miljø. I tillegg til at det ikkje forureinar, så er det spesielt utvikla for å unngå groe og gi innsparingar på drivstoff, seier dagleg leiar John Knutsen i Westing.
Torghatten er ein av landets største aktørar innan kollektivtransport og har hovudkvarter i Brønnøysund.

Publisert: 18.10.2019 12:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:42