Lakseskatt kan gi opptil 7 milliardar i statskassa
SKATT: Fleire parti diskuterer om oppdrettsnæringa skal betale meir i skatt fordi dei tener godt på å utnytte fjordar og havområde som gir gunstige forhold for oppdrett av laks og aure. 
Nytt

Lakseskatt kan gi opptil 7 milliardar i statskassa

Dersom oppdrettsselskapa betaler ein særskatt tilsvarande det vasskraftverka gjer, kan det gi staten opp mot 7 milliardar kroner meir å rutte med i året.

15.03.2019
NPK-NTB-Gunnhild Hokholt Bjerve: Debatten om ein såkalla lakseskatt går for fullt, og til helga står slaget i regjeringspartiet Høgre. Fleire lokallag og fleirtalet i eit eige verdiskapingsutval meiner partiet skal gå imot ein grunnrenteskatt eller ressursskatt på havbruk og fiskeri, populært kalla lakseskatt.
I dag er det berre olje og vasskraft som betaler skatt på det økonomane kallar grunnrente, det vil seie dei ekstra inntektene selskapa har ved å utnytte ein naturressurs.
– Grunnrenta i havbruket har dei siste tre åra lege på rundt 20 milliardar kroner per år. Det er noko av dette styresmaktene kan trekke inn med ein grunnrenteskatt, seier professor Mads Greaker ved Oslo Met.
Han har rekna på kor stor den ekstra avkastinga er basert på tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) for havbruksnæringa. Men han vil ikkje anslå kor store inntekter det offentlege kan få ved å innføre ein særskatt og viser til at det kjem an på innretninga.
– Det vil heilt sikkert ikkje vere aktuelt å trekke inn all grunnrente som skatt, berre ein del. Selskapa som har kjøpt lisensar av andre selskap eller av staten, vil ha finansieringskostnader på dette som ikkje er med i berekninga over. Det vil det nok bli tatt omsyn til, seier professoren.

Blir samanlikna med vasskraft

I om grunnrenteskatt som bransjeorganisasjonen Sjømat Norge bestilte frå Vista Analyse i fjor, blir oppdrettsnæringa samanlikna med vasskraft. Forfattarane av rapporten bruker same skattesats, 34,3 prosent, på sine utrekningar av kva ein særskatt vil bety for oppdrettsselskapa.
Dersom ein legg denne skattesatsen og berekninga til Greaker av grunnrenta til grunn, vil det bety 6,86 milliardar kroner i skatteinntekter til staten.
Finansdepartementet har ikkje noka utrekninga av kor store inntekter dei kan rekne med å få frå ein særskatt for havbruk.
– Vi har eit utval som jobbar med spørsmålet om grunnrenteskatt på havbruk. Vi må derfor komme tilbake til berekningane etter at dei har gjort ferdig arbeidet, skriv kommunikasjonsrådgivar Maria Korkunc i Finansdepartementet i ein e-post.
Utgreiinga blir først lagt fram til hausten, seinast 1. november.
Økonomiprofessor Karen Helene Ulltveit-Moe ved Universitetet i Oslo leier utvalet. Ho vil ikkje opplyse om utvalet har gjort berekningar av skatteinntektene. Ho vil heller ikkje seie kva ho tenker om at diskusjonen om skatteordninga no går for fullt, før utvalet har lagt fram funna og konklusjonane sine.
– Det var eit fleirtal i Stortinget som ønskte utgreiinga. Utover det har eg ingen kommentarar til saka. Det ville ikkje vere riktig å byrje å kommentere arbeidd som blir gjort i utvalet no, seier ho til NTB.

Sjømatnæringa seier nei

Sjømat Norge, som organiserer oppdrettsbedrifter, ønsker ikkje ein grunnrenteskatt, men vil heller endre Havbruksfondet, slik at det gir meir stabile inntekter til kommunane der det blir drive oppdrett.
I fjor delte fondet ut 2,8 milliardar kroner til kommunane. Havbruksfondet får inntekter frå sal av laksekonsesjonar, som gir oppdrettarane løyve til å utvide drifta.
I tillegg til inntektene frå konsesjonane, bidrog sjømatnæringa med rundt 20 milliardar kroner i skatt til stat og kommune i fjor, ifølgje organisasjonen.

Publisert: 15.03.2019 08:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32